Vera Mukhina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera Mukhina

Portrett av Vera Mukhina (1937) av Mikhail Nesterov.
Fødenamn Ве́ра Игна́тьевна Му́хина, latvisk Vera Muhina
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Fødd 19. juni 1889
Riga
Død

6. oktober 1953 (64 år)
Moskva

Yrke bilethoggar, kostymedesignar, motedesigner, tekstildesigner, foreleser
Medlem av Society of Russian sculptors
Ektefelle Alexej Andrejewitsch Samkow
Vera Mukhina på Commons

Vera Ignatjevna Mukhina (fødd 19. juni 1889 i Riga, daud 6. oktober 1953 i Moskva) var ein russisk bilethoggar med ei framståande stilling innan sovjetisk kunst. Ho er særleg kjend for monumentalstatuen Arbeidar og kolkhozkvinne frå 1937.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Vera Mukhina kom frå ein velståande kjøpmannsfamilie i Latvia og voks opp i Riga, på Krim og i Moskva. Familien hennar åtte bygningar og eigedommar i Riga og Moskva.[1] Mor hennar døydde av tuberkulose då Vera Mukhina var elleve månader gammal.[2] Faren tok med seg henne og den eldre systera hennar frå Riga til Krim, ein varmare stad som også var rekna som sunnare. Dei slo seg ned i Feodosija.[1]

Vera var framleis ung då også faren døydde, og dei to onklane hennar fekk ansvaret for henne og systera.[2] Mukhina hadde eit fall frå ei slede som skadde henne ganske kraftig i andletet.[2] Ho hadde seinare fleire operasjonar for dette i Paris.[1]

Tidleg virke[endre | endre wikiteksten]

'Mann med eit sverd', 1916
Den sovjetiske paviljongen med Vera Mukhina sin skulptur 'Arbeidar og kolkhozkvinne' frå Verdsutstillinga i Paris i 1937.

Ho byrja høgskuleutdanninga si ved kunstskulen til Konstantin Juon[2] i Moskva 1908-11. Deretter drog ho, som mange kunstnarar på denne tida, til Paris, der ho var frå 1912 til 1914.[3] I Paris studerte ho ved fleire private kunstskular, som Académie Colarossi, Académie de la Grande Chaumière og ved Académie de La Palette. Lærarane hennar var blant anna Antoine Bourdelle (assistent for Auguste Rodin), Henri Le Fauconnier og Jean Metzinger.[4] Deretter drog ho til Italia saman med den nære venen Ljubov Popova[3] for å gjera seg kjend med kunst og skulptur frå den italienske renessansen.

Etter utbrotet av fyrste verdskrigen vende ho tilbake til heimlandet. I løpet av dei neste åra arbeidde ho som sjukepleiar.[2] Når det galdt kunst drei ho hovudsakleg med scenografi.[3] I 1915 og 1916 var ho assistent for Aleksandra Ekster ved Aleksandr Tairov sitt kammerteater i Moskva.

I 1918 gifta ho seg med Aleksej Zamkov, som ho hadde møtt medan ho stelte han som sjukepleiar. Han var ein dyktig kirurg og endokrinolog[2] som fann opp legemiddelet gravidan.

Virke etter den russiske revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Etter oktoberrevolusjonen i 1918 engasjerte Mukhina seg i eit prosjekt for monument over revolusjonsheltane som var blitt lansert av Lenin. Ho arbeidde også med teaterscenografi og kostyme. Mukhina og Aleksandra Ekster samarbeidde om scenografien til science fiction-filmen Aelita frå 1923.[3]

På 1920-talet var ho lærar i skulptur ved kunstindustrielle høgskular i Moskva, og laga fleire kjende skulpturar, som 'Revolusjonselden' med kubistiske stiltrekk (1922) og den meir tradisjonelle 'Bondekvinne' (1927). Ho blei anerkjend som ein av dei fremste bilethoggarane innan sosialistisk realisme.[3] Verka hennar var høgt skatta av Anatolij Lunatsjarskij, folkekommissæren for utdanning.[4][5]

I 1931 blei mannen til Vera Mukhina utsett for politisk forfølging som hindra arbeidet hans som forskar, og dei bestemte seg for å emigrera. Dei blei arresterte på eit tog på veg vestover og blei forvist til Voronezj sør i Russland. Etter eit år fekk paret løyve til å venda attende til Moskva.[6]

Nokre år seinare skapte Mukhina den drygt 24 meter høge monumentale stålstatuen Arbeidar og kolkhozkvinne, eit av dei best kjende verka knytt til sosialistisk realisme. Mannen og kvinna i skulpturen løftar hammar og sigd saman, og dannar slik symbolet for Sovjetunionen. Arbeidar og kolkhozkvinne krona den sovjetiske paviljongen på Verdsutstillinga i Paris i 1937. Statuen blei eit symbol for Sovjetunionen, og blei teke i bruk som logo av filmstudioet Mosfilm.[3] Skulpturgruppa blei restaurert 2003-2009 og plassert i Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva.

Forfølgingane mot mannen til Mukhina byrja igjen under den store utreinskinga, og i 1938 blei han fråteken laboratoriet sitt. Fire år seinare døydde han.[2]

I perioden 1938-1939 arbeidde Mukhina med eit skulpturprosjekt for Aleksej Sjtjusev si gjenreising av Moskvoretskij-brua. Ho laga ei rekkje utkast til statuar for brua, men berre ein av dei, Brød, blei laga som ferdig skulptur til utstillinga Matindustri i 1939.[7] I 1963 blei Brød og Grøde gjenskapte frå skissene hennar og sette opp i Druzjby-parken i Moskva.[8]

Andre verdskrigen og etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Skulpturen Mir ('Fred') ved Volgograd planetarium.

Under og etter den store fedrelandskrigen (andre verdskrigen) utførte Mukhina fleire monumentale verk, mellom anna skulpturgruppa 'Me krev fred', ein stor statue av Maksim Gorkij i lag med N.G. Zelenskaya og Z.G. Ivanova, eit Tsjaikovskij-monument i Moskva, også med Zelenskaya og Ivanova, og gravminne til M.A. Peshkov (1935) og L.V. Sobinov (1940–41) ved Novodevitsjijgravstaden i Moskva.[9] Ho laga ei rekke portrett, som av dr. A.A. Zamkov og arkitekt S.A. Zamkov i marmor (1935), offiserane B.A. Jusupov og I.L. Khizjnyak i gips (1942) og bronse (1947), A.N. Krylova i tre (1945) og Partizanka ('Partisanvkinna') i bronse (1951).[9] Ikaros (1944) var inspirert av flygaren Valerij Tsjkalov.[8]

Ho eksperimenterte med nye materiale for skulpturar, og utvikla mellom anna ein teknikk for å få dei fleirfarga.[2] På 1950-talet utvikla ho teknikkar for skulpturar av glas og arbeidde med formgjeving. Ho teikna tekstil, klede, glas og porselen, i tillegg til kostyme for Vakhtangovteateret i Moskva.[2] Ein del av designa hennar blei masseproduserte.[3] Frå 1941 til 1952 vann Mukhina Stalinprisen fem gongar, og blei utropt til Folkekunstnar av Sovjetunionen i 1943.

Gjennom karrieren sin hadde Mukhina utvikla teoriar om skulptur, og i 1953 gav ho ut boka 'Tankane til en skulptør'. Ho døydde i oktober 1953, og er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden saman med ektemannen.[2]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mange av verka til Mukhina er i Tretjakovgalleriet.[9] Vera Mukhina-gata i Klin i Moskva oblast har namn etter henne.[10]

Barndomsheimen til Mukhina i Riga ved Turgenjev-gata er eit verna kulturminne.[1] Heimen hennar i Feodosija er eit museum.[11]

Verk[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

  • 'Revolusjonselden', 1922
  • 'Bondekvinne', 1927
  • 'Kostymeteikning', 1920-talet
  • 'Arbeidar og kolkhozkvinne',1937
  • 'Me krev fred', 1950–1951
  • 'Monument over Maksim Gorkij'
  • 'Aster', vase av glas, 1950-talet

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Дом Мухиных в Риге —», www.russkije.lv, henta 15. september 2019 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 «Vera Mukhina – Russiapedia Art Prominent Russians», russiapedia.rt.com, henta 15. september 2019 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Chilvers, Ian; Glaves-Smith, John (2009). «Mukhina, Vera» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780199239665. doi:10.1093/acref/9780199239665.001.0001/acref-9780199239665-e-1855. 
  4. 4,0 4,1 Vera Mukhina, Tretjakovgalleriet
  5. Vera Muchina, Fembio.org
  6. Matthew Cullerne Bown; Socialist Realist Painting, Yale University Press, 1998, ISBN 0-300-06844-1, side 116.
  7. «Хлеб», Третьяковская галерея, henta 22. september 2019 
  8. 8,0 8,1 «Diver-shaped lighthouse and faceted glass legend. Five stories about Vera Mukhina's works installed in Moscow museums and parks», Moscow City Web Site (på engelsk), 8. juli 2019, arkivert frå originalen 22. september 2019, henta 22. september 2019 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 «Vera Mukhina i Store Russiske Encyklopedi» (på russisk). Henta 31. juli 2018. 
  10. Московская область
  11. Russia-InfoCentre, V.Mukhina

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vera Mukhina