Diane di Prima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diane di Prima
Gloria Graham Diane di Prima.jpg
Fødd 6. august 1934
Brooklyn
Død

25. oktober 2020 (86 år)
San Francisco

Yrke lyrikar, omsetjar, skribent, sjølvbiograf

Diane di Prima (fødd 6. august 1934 i New York) er ein amerikansk poet. På 1950- og 1960-talet var ho medlem i beatnikrørsla. Sidan 1958 har ho gjeve ut eit tital diktsamlingar, og som forleggar eller redaktør har ho vore delaktig i eit knapt 50-tal bokutgjevingar. 1976 las di Prima opp dikt ved The Band sin avsjedskonsert The Last Waltz. 2009 blei ho utnemnd til «Poet Laureate of San Francisco».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Di Prima blei fødd i Brooklyn i New York. Ho studerte ei tid på Swarthmore College før ho bestemte seg for å blei ein Manhattan-poet. Ho er andre generasjons italiensk-amerikanar, og bestefaren hennar – Domenico Mallozzi – var ein aktiv anarkist og kjend med Carlo Tresca og Emma Goldman. Di Prima byrja tidleg å skriva, og var som 19-åring brevven med Ezra Pound og Kenneth Patchen. Den første diktsamlinga hennar, This Kind of Bird Flies Backward, kom ut i 1958.

Beatnikrørsla[endre | endre wikiteksten]

Di Prima budde i slutten av 1950- og byrjinga av 1960-talet på Manhattan, der ho var del av den blømande beatnikrørsla. Ho budde ei tid i California og flytta så etterkvart til San Francisco. Di Prima kom deretter å delta i den byrjande hippierørsla, der ho kom med beatnikerfaringane sine og kontaktar i kunstmiljøa på austkysten.

Diane di Prima var medredaktør for avisa The Floating Bear og medgrunnleggjar av Poets Press. Ved fleire høve blei ho og og forlaget melde til politiet for obskønitet, og i 1961 blei ho arrestert av FBI på grunn av to dikt i The Floating Bear.

I 1966 var di Prima ei tid i Millbrook som del av Timothy Leary sitt psykedeliske fellesskap. Våren same året gav ho ut dei to første utgåvene av Leary sine Psychedelic Prayers. 1969 skreiv ho Memoirs of a Beatnik, ei fiksjonalisert, erotisk forteljing der ho skildra erfaringane sine frå beatnikrørsla.

Frå 1974 til 1997 underviste di Prima i poesi ved Jack Kerouac School of Disembodied Poetics, ved Naropa Institute i Boulder i Colorado. Der hadde ho som kollegaer andre namn frå beatnikrørsla som Allen Ginsberg, William Burroughs og Gregory Corso. I 2001 gav ho ut Recollections of My Life as a Woman: The New York Years.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1960-talet flytta di Prima permanent til California, og har budd der sidan. Der studerte ho òg buddhisme, sanskrit, gnostisisme og alkymi. I 1966 underteikna ho ei erklæring om at ho ikkje ville betala skatt i protest mot Vietnamkrigen.

I 1976 las di Prima to av dikta sine ved The Band sin avskjedskonsert The Last Waltz. Det første diktet var «Get Yer Cut Throat off My Knife» og det andre «Revolutionary Letter #4».

I 1978 gav di Prima ut eit av dei større verka sine, langdiktet Loba som 20 år seinare blei trykt opp att i ei utvida utgåve. Pieces of a Song, ei samling utvalde dikt, kom ut i 1990 og memoarboka Recollections of My Life as a Woman kom i 2001.

Samanlagt har di Prima skrive eller vore redaktør for nesten 50 bøker, og verka hennar er blitt omsette til meir enn 20 språk. Sidan 1960-talet har Diane di Prima òg arbeidd som fotograf og collagekunstnar, og rundt tusenårsskiftetbyrja ho driva med akvarellmåleri.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Di Prima har fem born: Jeanne di Prima, Dominique di Prima, Alex Marlowe, Tara Marlowe og Rudi di Prima. 1962–69 var ho gift med Alan Marlowe og 1972–75 med Grant Fisher.

Stil og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diane di Prima si dikting tek ofte opp kampen kring dei sosiale og politiske motkulturane på 1960- og 1970-talet. Fleire av dikta hennar har òg krinsa kring relasjonar og personlege emne. Eit av det best kjende dikta hennar, «Brass Furnace Going out», handlar om ein abort som ho gjekk gjennom. Størstedelen av dei nyare verka hennar har kvinnelege forteikmn og religiøse motiv – særleg med austerlandsk tilknyting.

I 2009 blei di Prima vald til «Poet Laureate of San Francisco». Ein har også arbeidd for å få ei gate i byen oppkalla etter henne.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1958 – This Kind of Bird Flies Backward, Totem Press
  • 1961 – Dinners and Nightmares (noveller), Corinth Books (nyutgåve, Last Gasp, 1998)
  • 1965 – Seven Love Poems from the Middle Latin (omsetjing), The Poets Press
  • 1966 – Poems for Freddie
  • 1968 – War Poems (redaktör), Poets Press
  • 1969 – Memoirs of a Beatnik, Olympia Press (nyutgåve med nytt etterord, Last Gasp, 1988)
  • 1970 – The Book of Hours
  • 1975 – Selected Poems: 1956-1975, North Atlantic Books
  • 1976 – Loba, Part II, Eidolon Editions
  • 1977 – Selected Poems: 1956-1976, North Atlantic Books
  • 1978 – Loba, Parts 1-8
  • 1971 – Revolutionary Letters, City Lights
  • 1990 – Pieces of a Song: Selected Poems, City Lights
  • 2001 – Recollections of My Life as a Woman The New York Years, Viking Press
  • 2014 – The Poetry Deal, City Lights

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

På svensk
  • 2009 – Carlsson Kristian, red. Kvinnas beat: 9 poeter från beatnikeran. Malmö: Smockadoll. ISBN 978-91-86175-02-3  (antologi)

Film om Diane di Prima[endre | endre wikiteksten]

  • 2011 – The Poetry Deal: A Film with Diane di Prima, regissert av Melanie La Rosa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]