Emma Goldman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emma Goldman

Emma Goldman (27. juni 186914. mai 1940) er ein av dei store i anarkismen si historie. Ho blei fødd i Kovno av jødiske foreldrar, og var i ungdomen i St. Petersburg, der ho kom i kontakt med russiske opposisjonelle, narodnikar.

Goldman emigrerte til USA i 1889. Det etternamnet ho er kjend under, fekk ho da ho gifta seg med ein annan innvandra russisk jøde. Ho gjekk frå denne mannen etter kort tid. Ho møtte sidan Alexander Berkman, også jødisk-russisk innvandrar, og fann i han ein sjelefrende. Dei hadde eit livslangt politisk og personleg forhold.

Berkman fekk i 1892 16 år i fengsel for eit attentat på ein fabrikkeigar under ein arbeidskonflikt. Denne hendinga førte til ein stor debatt blant anarkistane om slike individuelle terrorhandlingar, som var ein arv frå desperate opposisjonelle i det autoritære tsar-Russland. Goldman syntest ho måtte forsvare Berkman, men endra syn på terrorisme etter dette, og meinte sidan at metodane i den revolusjonære kampen må vere i samsvar med målet.

Goldman arbeidde i tekstilindustrien, som hadde tolvtimarsdag på denne tida. Likevel las ho på «fritida», og slutta seg til Mikhail Bakunin sine idear. Gruppene av radikale innvandrarar hadde lite kontakt med vanlege amerikanarar, i dei kretsane Goldman vanka i, diskuterte dei på tysk eller jiddisch, og avisene dei utgav var jamvel oftast på tysk.

Goldman var også ein tidleg feminist. Men ho var klar motstandar av den puritanismen og seksualfiendtlegheita ho meinte å finne i den amerikanske kvinnerørsla. Det same gjaldt også blant mange mannlege revolusjonære. Ho såg til dømes prevensjonsopplæring som eit særs viktig spørsmål. Goldman såg elles kvinnefrigjeringa som ein del av klassekampen, verken uavhengig av eller overordna denne.

Viktige saker Goldman agiterte for var åttetimarsdagen, fagorganisering av kvinner, kampen mot deltaking i første verdskrigen og kamp for ytringsfridomen. I 1906 starta ho bladet «Moder Jord» med både politisk og litterært innhald. For å leve arbeidde ho attåt skrive- og foredragsverksemda som sydame, sjukepleiar og jordmor.

Styresmaktene var etter både henne og andre radikale, og i 1903 kom det faktisk ei eiga anti-anarkistlov i USA. Ho blei skulda for å ha oppfordra til opprør (sedition), og å støtte terrorisme, etter valdelege aksjonar som ofte var sette i verk eller framprovoserte av politiet sjølv. Bladet «Moder Jord» blei ikkje sendt ut med posten, dei måtte gå frå kontoret, og det blei gjort stadige freistnader på å ta frå ho statsborgarskapen og få ho deportert. I 1919 skjedde nettopp det, ho blei saman med Berkman og andre venstreorienterte deporterte til Sovjet-Russland.

Den russiske revolusjonen hadde gjort Goldman oppglødd, og ho hadde ikkje skjøna korfor russiske anarkistar var skeptiske til bolsjevikane. Opphaldet i landet førte til at ho endra syn, særleg etter at Kronstadt-opprøret blei slått ned i 1921. Ho reiste frå landet med den no faste overtydinga at målet aldri kan rettferdiggjere midla, at metodane ein brukar ikkje kan stå i motsetning til det målet ein har.

Goldman var statslaus frå 1921 til 1925, og flytta frå stad til stad i Europa. Da fekk ho britisk statsborgarskap etter eit proformaekteskap med ein engelskmann. Ho budde likevel lite i Storbritannia, meir i Frankrike og Sveits. Under den spanske borgarkrigen dreiv ho støttearbeid for dei spanske anarkistane i FAI/CNT (Federacion Anarquista Iberica/Confederacion Nacional del Trabajo), som var ei masserørsle til dei blei undertrykt under Franco.