Diktsamlinga Storegut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Storegut (fleirtyding).

Storegut er ei episk diktsamling av den norske forfattaren Aasmund Olavsson Vinje, utgjeven i 1866. Fleire av dikta hadde stått på trykk i Vinjes tidsskrift Dølen i 1865 - 1866. Det er episke dikt med lyriske innslag.

Det vart eit populært verk og kom i nytt og noko omarbeidd opplag i 1868. Fleire av dikta har viseform, noko som har gjort at dei vart sungne, til dømes gjeld det «Den dag kjem aldri», som vart sungen til ein stevtone.

Handling[endre | endre wikiteksten]

I dikta fortel legdekallen Olav om livet sitt og om sonen Storegut. Sjølv om Vinje i forordet seier at det er ei sann historie, er det fleire episodar som ikkje har rot i røynda. Dermed kan ein idealisere Storegut. Det vert danna eit bilete av Telemark i gamal tid med både skulevesen, krigsteneste, ting og marknad. Storegut er den sterke karen som mange er avundsjuke på, så han får mange fiendar. Han fylgjer Kristian Lofthus til København for å klage på urett og vert fredlaus etterpå, noko som fører til at han vert drepen av ein av sine fiendar. Dette blandar Vinje saman med tradisjonelle motiv frå folkedikting når han fortel at Storegut vert bergteken.

Grunnlag for ettertida[endre | endre wikiteksten]

I 1951 kom det ut ei praktutgåve av verket med tresnitt av Harald Kihle. I 2008 laga Odd Nordstoga, Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås eit konsertprosjekt basert på verket. Her bruker dei nye melodiar på fleire av songane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]