Diskusjonen rundt global oppvarming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Diskusjonen rundt global oppvarming er prega av det nokre meiner er mistydingar eller medviten desinformasjon.

I den følgjande oversikta blir nokre vanlege innvendingar mot teorien om at klimagassar er årsak til global oppvarming imøtegåtte med arguementa til tilhengarar av teorien.

Innvendingar[endre | endre wikiteksten]

«Menneskelege utslepp står berre for 1 % av CO2-mengda»[endre | endre wikiteksten]

Påstanden er både feil og uvesentleg. Den er feil fordi 26 % av karbondioksidet som er seg i atmosfæren i dag (2005), kjem frå menneskelege utslepp. (Mengda aukar dessutan for tida med 68,3 prosentpoeng per år.)

Men sjølv om påstanden hadde vore sann, er den likevel uvesentleg. Grunnen er at karbondioksidet inngår i eit naturleg krinsløp (karbonkrinsløpeit), der det blir like brukt mykje som det blir produsert. Dei menneskelege utsleppa forstyrrar denne balansen uavhengig av storleiken), fordi produksjonen av CO2 blir auka, men brukt er uendra (eller til og med minkar pga. avskoging).

«Dei norske utsleppa utgjer berre nokre få promille»[endre | endre wikiteksten]

Påstanden er sann, men villeiande. Noreg står for tida for 2,6  av dei menneskeskapte karbondioksid-utsleppa. Men med over 200 land på jorda skulle ein ikkje forvente anna enn at kvart land berre står for nokre promille av eit globalt fenomen. Dette gjer det generelt vanskeleg å finne forpliktande løysingar på globale problem (jf. Allmenningen sin tragedie).

Ser ein derimot på Noregs relative bidrag, dvs. CO2-utslepp per hovud, viser det seg at Noreg ligg på andreplass i Europa, berre slått av Luxembourg ([1]).

«Liv hadde vore umogeleg utan CO.2»[endre | endre wikiteksten]

Påstanden er sann, men irrelevant. Livet – i kvart fall dei fleste av livsformene vi kjenner til frå jorda – er avhengig av organiske karbonsamband. Desse blir danna av planter gjennom fotosyntese av karbondioksid og vatn. Dette har likevel ingen relevans for klimapolitikk, sidan det ikkje er noko mål å «avskaffe» all CO2. Målet er å stabilisere atmosfæren sin CO2-konsentrasjon.

«Dersom CO2-utsleppa må <avgrensast, kan vi like gjerne slutte å puste»[endre | endre wikiteksten]

All organismer (bortsett frå einskilde bakteriar)pustar ut karbondioksid. Dette tyder likevel ikkje at vi bør slutte å puste (sjølv om vi hadde kunna det). Alt karbondioksidet som vi pustar ut, kjem frå karbonhaldige samband som vi har teke opp gjennom næringa (karbohydrater, feitt eller protein). Denne næringa stammar frå planter. (Dersom den stammar frå dyr, har desse i turen sin fått næringa direkte eller indirekte frå planter.)

Når planter produserer karbohydrat, nyttar dei nøyaktig like mykje CO.2 som vi pustar ut når kroppen vår seinare brenner dei same karbohydrata. Vårt andedrag inngår altså i karbonkrinsløpet, der det til ei kvar tid blir produsert like mykje som det blir brukt.

CO2 frå fossile energikjelder er problematisk ikkje av den grunn at dette karbondioksidet på nokon måte er forskjellig frå anna CO.2, men fordi det ikkje finst noko CO2-forbruk som kompenserer for utsleppa.

«Klimaet har alltid variert»[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er ikkje nokon uomskifteleg storleik, men i stadig endring. Dette har klima til felles med alle naturlege prosessar. Klimaet har både opplevt store endringar i eit tusenårsperspektiv (f.eks. istider og mellomistider) og mindre svingingar i eit kortare perspektiv (år til tiår). Spørsmålet er altså ikkje om variasjon er naturleg (her er svaret opplagt ja), men kor mykje variasjon som er naturleg. Forskinga dei siste tiåra har vist at klimaet har blitt meir variabel gjennom menneskeleg påverknad gjennom dei siste 200 år. Dette tyder ikkje at all variasjon vi ser i dag, skuldast mennesket, men at ein aukande del av variasjonen er menneskeskapt.

«Det har vore varmare før»[endre | endre wikiteksten]

Påstanden er sann og uvesentleg. I eemtida (for 120 000 år sidan) har klimaet vore ca. 2 °C varmare enn i dag. Òg for om lag tusen år sidan var ein mindre varmeperiode, der det i Europa kan ha vore like varmt som i dag. Den globale gjennomsnittstemperaturen var derimot mest sannsynlegvis lågare den gongen enn det siste tiåret.

Grunnen til at den tidlegare varmare temperaturen er uinteressant for dagens klimadebatt, er at det som uroar i dag, er konsekvensane av den globale oppvarminga, ikkje oppvarminga i seg sjølv. Konsekvensane for vår eigen art er mykje større i dag enn den var for eitt eller 120 tusen år sidan – av den enkle grunnen at jorda er ca. 20 gonger (resp. fleire tusen gonger) tettare folkesett no enn den gong. Før kunne folk flytte seg oppover i landskapet utan større problem når havnivået steig. I dag er dette umogeleg fordi det allereie bur folk overalt. Når havet byrjar å fordrive folk i dag, vil mellomalderens folkevandringstid bleikne mot dei menneskemassane som må flyttast. Og mens det i mellomalderen ikkje fanst noko FN som forhindra folkemord, vil det i dag av dei fleste oppfattast som uakseptabelt at eit folk på flukt utryd eit anna folk som «er i vegen» (eller omvendt). Problema er med andre ord formidable, noko som blir ufarleggjort ved å samanlikne med tidlegare tusenår.

Ein annan forskjell frå tidlegare varmeperiodar er at den inneverande oppvarminga skjer mykje raskare enn vanleg. Dette tyder òg at mang fleire dyre- og plantearter vil døy ut denne gongen enn tidlegare, fordi endringane skjer for raskt til at artane kan tilpasse seg.

«Global oppvarming kan òg skuldast naturlege prosessar»[endre | endre wikiteksten]

Klimaet variert til alle tider. Endringane som skjedde før den industrielle revolusjonen, må dermed nødvendigvis ha vore «naturlege». Men av dette følgjer det ikkje at òg notidas oppvarming kan vere naturleg. Klimatologar kan til ein stor del forklåre tidlegare tiders klimaendringar ved hjelp av naturlege prosessar, som solas. aktivitet, avstanden til, jorda og halling i tilhøve til sola, vulkansk aktivitet, havstraumninger m.m. Desse prosessane verkar òg i dag inn på klimaet, men – og det er det vesentlege – dei er ikkje tilstrekkelege til å forklåre oppvarminga som har skjett etter ca. 1900.

Det er altså sant at global oppvarming kan skuldast naturlege prosessar. Men det er ikkje sant at desse prosessane kan forklåre den globale oppvarminga som vi for tida opplever. Denne skuldast i all hovudsak menneskelege utslepp av klimagassar.

«Drivhuseffekten er berre ein teori og ikkje prov»[endre | endre wikiteksten]

Påstanden er sann, men byggjer på ei mistyding av korleis vitskap fungerer. Omgrepet teori blir brukt i vitskapsteorien for ei godkjent vitskapleg forklåring. (At samanhengen mellom f.eks. karbondioksid og temperatur blir sagt å vere ein teori, er altså eit kvalitetsstempel og ikkje ein mangel.)

Enda viktigare er det at naturvitskap etter den rådande vitskapsteoretiske oppfatninga ikkje evnar å prove noko som helst med absolutt tryggleik. All vitskaplege utsegn kan etter kvart vise seg å ha vore falske. Dette er ikkje spesielt for drivhuseffekten, men gjeld alle typar vitskaplege utsegn. I naturvitskapar opererer ein derfor ikkje med omgrep som prov eller sanning, men med støtte for eller imot hypoteser. og teoriar. Teorien om at den globale oppvarminga skuldast menneskeleg påverknad, har fått massiv støtte gjennom forskinga gjennom dei siste hundre år. Likevel vil ikkje ein klimaforskar kalle teorien for prov. Grunnen er rett og slett ulik språkbruk i vitskapen og i kvardagsspråket.

Det finst likevel ein grunn til at uttrykk prov' blir' unngåtte av forskarar: Kvar ei vitskapskvinne og kvar ein vitskapsmann bør vere på vakt mot å bli partisk for eller imot ein teori. Ein forskar skal derfor alltid prøve å motprove hypotesane og teoriane sine, ikkje å leite etter støtte for dei. Dersom dei ikkje lukkast å motprove teorien, sjølv om dei har prøvt, gjev dette mykje meir støtte enn om dei selektivt berre hadde prøvt å «prove» den. Derfor kan einkvan klimaforskar bli kalla for «klimaskeptikar» – eit omgrep som motstandarane av fleirtalsmeininga prøver å reservere for seg sjølv.

«Kvifor skal ein tru på forskarane dersom desse er ueinige seg imellom og nokre til og med spår ei ny istid?»[endre | endre wikiteksten]

Utan usemje mellom vitskapsfolk stoppar vitskapen opp. Derfor er usemje – vitskapsteoretisk sedd – av det gode. Når det gjeld klimadebatten, bør ein skilje mellom ulike typar usemje:

  • Dei fleste klimaforskarar er ueinige seg imellom i ulike detaljar som gjeld forklåringar, tolkingar og langtidsprognosar. I desse ulike oppfatningane ligg samtidig motivasjonen til å forske meir, for å overtyde kollegar. Det er slik god vitskap fungerer. Å bruke denne typen usemje i klimadebatten er uærleg, av den grunnen at den er utan tyding for klimapolitikken. Sjølv om forskarar f.eks. kan vere ueinige om temperaturen om hundre år vil vere 2 °C eller 4 °C varmare enn i dag, er dei framleis einige om at temperaturen vil auke monaleg. Klimapolitikken byggjer med andre ord berre på resultat som det er brei usemje om, nemleg at temperaturauken gjennom dei siste hundre år i all hovudsak skuldast mennesket, at temperaturen vil fortsetje å auke, og at ein reduksjon av klimagassutslepp vil gjere ein forskjell.
  • Det finst òg einskilde klimaforskarar som er ueinige i nokre av desse hovudkonklusjonane. Slike finst det for det første i alle vitskapar. For det andre utgjer dei i drivhuseffekten sitt tilfelle ein ørliten minoritet. Å stole på denne minoriteten ville vere som å la vere å byggje og bruke satellittar berre fordi det finst eit fåtal astrofysikarar som framleis meiner at relativitetsteorien er feil.
  • Teorien om at det vil kome ei ny istid, er ikkje uforliklege med teorien om global oppvarming. Grunnen er at tidshorisonten for desse to teoriane er heilt forskjellige. Den globale oppvarminga skjer akkurat no, har skjett i nokre tiår og vil fortsetje i ein del tiår til. Istida vil i alle tilfelle ikkje byrje før om nokre hundre år, og vil trengje nokre hundre år til for å nå maksimumet sitt. (Enkelte forskarar hevdar til og med at den neste istida vil framskundast av den noverande globale oppvarminga.) Men sjølv om så skulle skje, må menneskeslekta først leve med konsekvensane av den globale oppvarminga.

«Utsleppsreduksjonar er politisk og ikkje vitskapleg velgrunna»[endre | endre wikiteksten]

Påstanden er korrekt i og med at vitskap handlar om deskriptive utsegn (korleis ting faktisk er), mens politikk handlar like mykje om normative utsegn (korleis ting bør vere). Ifølgje er–bør-dikotomiein kan ikkje normative utsegn leiast ut frå av faktiske utsegn aleine, men berre saman med normer eller verdier. Dette gjeld i alle politiske og vitskaplege område på same måte, og er ikkje noko særtrekk ved den globale oppvarminga.

Den (politiske) konklusjonen «vi bør redusere CO2-utsleppa» byggjer altså ikkje berre på klimaforskinga sine (deskriptive) resultat, men òg på eit (normativt) ønske om å skåne menneskeslekta for store «natur»katastrofar som kunne ha vore unngått. Kombinerer ein klimaforskarane sine resultat med andre verdiar, kan ein altså ende opp med andre politiske konklusjonar. I eit verdisyn som set kortsiktig økonomisk gevinst over tap av menneskeliv, kan ein f.eks. utmerkt kombinere den globale oppvarminga med eit ønske om auka CO2-utslepp. Det er likevel få, om nokre, politikarar som eksplisitt ønskjer å forsvare dette verdisynet, sjølv om ein god del politikarar openbert sympatiserer med konklusjonen.

«Det er uklokt å byggje politiske avgjerder på ein teori før det har blitt forska nok»[endre | endre wikiteksten]

Påstanden kan ha vere rett reint generelt, men i drivhuseffekten sitt tilfelle har ein faktisk forska nok – for lenge sidan. Vitskapleg sett er dei mange opne spørsmål som det lønner seg å forske meir på. Men desse spørsmåla gjeld detaljar som ikkje er av verdi for klimapolitikken.

Somme «klimaskeptikarar» hevdar likevel at kunnskapen som taler for å redusere CO2-utslepp, ikkje er godt nok. Spørsmålet som ofte blir underslått i denne samanhengen, er: Er kunnskapen som taler imot å redusere CO2-utslepp, god nok? Det er den ikkje. Begge val treng i utgangspunktet like god grunngiving. Grunngivinga for å redusere CO2-utslepp er per i dag mykje betre enn grunngivinga for ikkje å redusere CO2-utslepp. Dette har to grunnar:

  • Vitskapsfolk godtek ein hypotese vanlegvis først når sjansen for at den er feil, er lågare enn 5 % (såkalla type-I-feil). Politiske avgjerder byggjer derimot heller på den mest sannsynlege av to hypotesar – altså når sjansen for at den er feil, er lågare enn 50 %. Bruker ein dei vitskaplege standarda òg i politikken, har ein altså ein stor sjanse for type-II-feil (dvs. å forkaste den alternative hypotesen sjølv om den er sann).
    Når einskilde klimaforskarar tviler på nokre prognosar av kollegaene sine, tviler dei m.a.o. på at feilsannsynet er så lågt som 5 %. Det finst derimot ingen klimaforskar som meiner at feilsannsynet er i nærleiken av – eller til og med større enn – 50 %. Her kolliderer altså vitskapsfolka sine krav om presisjon med ønsket i samfunnet om enkle svar. (Sjå òg statistisk feil.)
  • Sannsynet for at ein teori er feil, er ikkje det einaste som bør styre politikken. Med tanke på at sikker kunnskap ikkje finst i vitskapen, må ein av og til ta avgjerder på usikkert datagrunnlag. Her må ein ikkje berre ta omsyn til alternativa sitt sannsyn, men òg til farane som følgjer av å ha teke feil avgjerd (risikovurdering). I drivhuseffekten sitt tilfellet gjeld: Farane ved å redusere CO2-utslepp, sjølv om teoriane bak skulle vere feil, er forholdsvis små. Farane ved ikkje å redusere CO2-utslepp, sjølv om teoriane bak skulle vere sanne, er urimeleg mykje større.

Sjølv dersom det klimatologiske datagrunnlaget hadde vore utilstrekkeleg (noko det ikkje er), tilseier med andre ord føre-vere-prinsippet at utslepp av klimagassar bør reduserast.

«Global oppvarming er ikkje berre negativt»[endre | endre wikiteksten]

Den globale oppvarminga gjev og vil gje ulike utslag på ulike stader. Lokalt og regionalt vil derfor klimaet endre seg i retning av kva mange vil oppfatte som «betre ver». Høgare temperatur i Noreg vil f.eks. ikkje akkurat oppfattast som truande. Om slike lokale forbetringar kan vege opp for ein aukande frekvens av «natur»katastrofar (orkanar, ras, ørkenspreiing, flaumar m.m.), er derimot i beste fall tvilsamt.

Ein kan heller ikkje slå seg til ro med at klimasonene berre vil forskuve seg mot polane. Globalt sett inneber den globale oppvarminga nemleg mindre «vennleg» klima, både fordi klimasonene òg blir smalare og fordi førekomsten av ekstremt ver vil auke i alle klimasoner. Delen dyrkbar jord vil òg minke, sidan jordsmonnet ikkje er like bra i landområda som i dag er for kalde for jordbruk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Innhaldet er henta frå artikkelen om global oppvarming, sjå historikken der for bidragsytarar.