Vitskapsteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vitskapsteori eller vitskapsfilosofi er den greina av filosofien som undersøkjer vitskapane og strukturen deira. Sentrale vitskapsteoretiske spørsmål er soleis: kva er vitskap, kva kjenneteiknar vitskapleg framsteg og korleis det vert oppnådd?

Ein kan dele inn vitskapsteorien i deskriptiv og normativ vitskapsteori. Alternativ kan ein setje i verk ei inndeling i forhold til faga som vert undersøkte, dvs. i naturvitskaps filosofi, samfunnsvitskaps filosofi osv., eller – enno meir «finkorna» – i biologiens filosofi, fysikkens filosofi, matematikkens filosofi, psykologiens filosofi, sosiologiens filosofi osv.

Vitskapsteori har mange vedrøringspunkter med forskingsetikk, metodologi, erkjenningsteori, vitskapshistorie og vitskapssosiologi.