Distriktet Páfos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 34°50′N 32°35′E

Kart som viser plasseringa av distriktet Páfos på Kypros

Distriktet Páfos (gresk Επαρχία Πάφου, Eparkhía Páfou, tyrkisk Baf kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på den vestlege delen av øya Kypros og har eit areal på 1 393 kvadratkilometer.[1]

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av folketalet i distriktet:

År Folketal Kjelde
1901 35 205 [1]
1921 42 330 [1]
1931 43 769 [1]
1946 53 891 [1]
1960 58 147 [1]
1973 57 065 [1]
1976 46 633 [2]
1982 45 645 [3]
1992 52 572 [4]
2001 66 364 [5]
2011 88 266 [6]

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Distriktsadministrasjonen i byen Páfos representerer den kypriotiske staten i distriktet.[7] Leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er frå 1. september 2015 Maíri Lámbrou, den første kvinna i jobben.[8] Ho overtok etter Jannákis Mallorídis.

Kommunar og busetnader[endre | endre wikiteksten]

Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[6]

Utanom kommunane har Páfos 121 registrerte busetnader.[9] Dei største er (innbyggjartal 2011 i parentes):[6]

  • Argáka (1 078)
  • Tsáda (1 043)
  • Tremithoúsa (1 041)
  • Mandriá (893)
  • Koúklia (892)
  • Anaríta (876)
  • Polémi (848)
  • Jólou (762)
  • Ajía Marína (647)
  • Ármou (600)
  • Mésa Khorió (586)
  • Stroumbí (540)
  • Néo Khorió (519)
  • Lémba (506)




Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 flytta dei fleste tyrkisk-kypriotane til den nordlege delen av øya, som frå 1983 er administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Eit tjuetals busetnader er heilt eller nesten heilt fråflytta.

Referansar[endre | endre wikiteksten]