Dixie Chicken
Dixie Chicken Studioalbum av Little Feat | ||
Utgjeve | 25. januar 1973 | |
Innspelt | Seint 1972 | |
Studio | Clover Recorders, Los Angeles, Warner Bros. Recording Studios, North Hollywood, Sunset Sound, Los Angeles[1] | |
Sjanger | Southern rock, bluesrock, rootsrock, New Orleans R&B, swamp rock | |
Lengd | 36:12 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Lowell George | |
Little Feat-kronologi | ||
---|---|---|
Sailin' Shoes (1972) |
Dixie Chicken | Feats Don't Fail Me Now (1974)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Christgau's Record Guide | B+[3] |
Dixie Chicken er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat, gjeve ut i 1973. Plateomslaget vart laga av Neon Park[4] og er ein referanse til ein linje frå songen «Roll Um Easy» på albumet.
Albumet vert rekna som eit landemerke forbandet der tittelsporet er blitt signaturlåten deira som var med å definere Little Feat-stilen. Dei hadde med seg to ekstra medlemmar (gitaristen Paul Barrere og perkusjonisten Sam Clayton) som fullførte besetninga dei hadde fram til dei vart oppløyst i 1979 etter Lowell George døydde. Bassisten Kenny Gradney vart henta inn for erstatte den opphavlege bassisten Roy Estrada, som slutta etter det andre albumet deira, Sailin' Shoes,for å bli med i Captain Beefheart's Magic Band. Denne nye besetninga endra radikalt stilen til bandet og gjekk meir i retning av New Orleans-R&B og funk.
Albumet vart stemt fram til 563. plassen i Colin Larkin si 3. utgåve av boka All Time Top 1000 Albums (2000).[5]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Lowell George solovokal på alle spor, utanom der andre er nemde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Dixie Chicken» | Lowell George, Fred Martin | 3:55 |
2. | «Two Trains» | George | 3:06 |
3. | «Roll Um Easy» | George | 2:30 |
4. | «On Your Way Down» | Allen Toussaint | 5:31 |
5. | «Kiss It Off» | George | 2:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Fool Yourself» | Fred Tackett | 3:10 |
7. | «Walkin' All Night» (solovokal: Barrere, Payne) | Paul Barrère, Bill Payne | 3:35 |
8. | «Fat Man in the Bathtub» | George | 4:29 |
9. | «Juliette» | George | 3:20 |
10. | «Lafayette Railroad» (instrumental) | George, Payne | 3:40 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul Barrere – gitar, vokal
- Sam Clayton – conga
- Lowell George – vokal, gitar, kubjølle, fløyte
- Kenny Gradney – bass
- Richie Hayward – trommer, vokal
- Bill Payne – klaverinstrument, synthesizer, vokal
Andre medverkande
- Bonnie Bramlett – korvokal
- Malcolm Cecil – synthesizer
- Tret Fure – korvokal
- Danny Hutton – korvokal
- Milt Holland – tabla
- Gloria Jones – korvokal
- Debbie Lindsey – korvokal
- Bonnie Raitt – korvokal
- Stephanie Spruill – korvokal
- Fred Tackett – gitar (var med i bandet i 1988)
- Teknisk
- Neon Park - plateomslag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dixie Chicken (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Little Feat - Hotcakes & Outtakes». Discogs. Henta 25. august 2018.
- ↑ Dixie Chicken på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: L». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 1. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ https://www.lambiek.net/artists/p/park_neon.htm
- ↑ Colin Larkin]publisher=Virgin Books, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3. utg.). s. 191. ISBN 0-7535-0493-6.