Sailin' Shoes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sailin' Shoes
Studioalbum av Little Feat
Utgjeve Mai 1972
Innspelt Seint 1971
Studio Amigo Sounds, Sunset Sound
TTG Studios i Los Angeles
Sjanger Southern rock, bluesrock, rootsrock, swamp rock
Lengd 38:00
Selskap Warner Bros.
Produsent Ted Templeman
Little Feat-kronologi 
Little Feat
(1971)
Sailin' Shoes Dixie Chicken
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB+[2]
Rolling Stone(positiv)[3]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[4]

Sailin' Shoes er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat, gjeve ut i 1972.

Det andre albumet til Little Feat vart produsert av Ted Templeman og markerte eit stilskifte frå det første albumet, til ein stil meir lik det neste albumet, Dixie Chicken. Det var òg det første albumet deira med eit plateomslag av Neon Park, og et siste med den opphavlege bassisten Roy Estrada.

Albumet inneheld ein omarbeidd versjon av «Willin'», som kom ut på det første albumet deira, og andre spor som «A Apolitical Blues», «Easy to Slip» og tittelsporet, alle skrivne av frontmannen Lowell George, den andre i lag med Martin Kibbee.

Sporet «Texas Rose Cafe» er ein hyllest til ein restaurant og ølhage som bandet vitja etter ein konsert i Houston. George skal ha likt staden så godt at han sa han skulle skrive ein song om det og ta han med på det neste albumet. Dette viste seg å vere sant.

Albumet vart stemt fram til 469. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor skrivne av Lowell George, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Easy to Slip»Lowell George, Fred Martin3:22
2.«Cold, Cold, Cold» 4:01
3.«Trouble» 2:19
4.«Tripe Face Boogie»Richie Hayward, Bill Payne3:16
5.«Willin'» 2:57
6.«A Apolitical Blues» 3:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Sailin' Shoes» 2:53
8.«Teenage Nervous Breakdown» 2:13
9.«Got No Shadow»Payne5:08
10.«Cat Fever»Payne4:37
11.«Texas Rose Café» 3:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre

  • Milt Holland - perkusjon på «Easy to Slip» og «Trouble»
  • Sneaky Pete Kleinow - pedalsteelgitar on «Willin'» og «Texas Rose Café»
  • Debbie Lindsey - korvokal på «Cold Cold Cold» og «Sailin' Shoes»
  • Ron Elliott - rytmegitar på «A Apolitical Blues»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]