Little Feat av Little Feat
Utsjånad
Little Feat Studioalbum av Little Feat | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1971 | |
Innspelt | August-september 1970 | |
Studio | United Western Recorders i Los Angeles og The Record Plant i Los Angeles[1] | |
Sjanger | Southern rock, rootsrock, bluesrock, swamp rock | |
Lengd | 32:49 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Russ Titelman | |
Little Feat-kronologi | ||
---|---|---|
Little Feat | Sailin' Shoes (1972)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Christgau's Record Guide | B[3] |
Rolling Stone | (særs positiv)[4] |
Little Feat er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat. Det kom ut i 1971 på Warner Bros. Records.
Albumet vart hovudsakleg spelt inn i august og september 1970. Stilen likna på dei seinare innspelingane deira som vart meir kjende, som Dixie Chicken i 1973 og Waiting for Columbus i 1978. Plata vart spelt inn av den første besetninga til Little Feat, med Roy Estrada på bass. Det var det første av åtte album før bandet vart oppløst første gongen i 1979. Plateomslaget syner eit veggmåleri, «Venice in the Snow», måla av L. A. Fine Arts Squad i 1970 i Venice i Los Angeles. I 2007 vart albumet gjeve ut på ein gull-CD på Mobile Fidelity Sound Lab.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Snakes on Everything» | Bill Payne | 3:04 |
2. | «Strawberry Flats» | Payne, Lowell George | 2:20 |
3. | «Truck Stop Girl» | Payne, George | 2:32 |
4. | «Brides of Jesus» | Payne, George | 3:20 |
5. | «Willin'» | George | 2:24 |
6. | «Hamburger Midnight» | George, Roy Estrada | 2:30 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Forty-Four Blues / How Many More Years» | Roosevelt Sykes, Chester Burnett | 6:25 |
2. | «Crack in Your Door» | George | 2:16 |
3. | «I've Been the One» | George | 2:20 |
4. | «Takin' My Time» | Payne | 3:45 |
5. | «Crazy Captain Gunboat Willie» | Payne, George | 1:55 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Kjelde:[5]
- Lowell George – solo-, rytme- og slidegitar, solovokal (alle songar utanom der andre er nemnde) og korvokal, munnspel
- Bill Payne – klaverinstrument, solovokal («Snakes on Everything» og «Takin' My Time») og korvokal, piano
- Roy Estrada – bass, korvokal
- Richard Hayward – trommer, korvokal
Andre
- Russ Titelman – perkusjon, korvokal, piano på «I've Been The One»
- Ry Cooder – flaskehalsgitar på «Willin'» og «Forty Four Blues / How Many More Years»
- Sneaky Pete Kleinow – pedalsteel på «I've Been The One»
- Kirby Johnson – strykar- og blåsearrangement
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Little Feat (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Little Feat - Hotcakes & Outtakes». Discogs.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Little Feat av Little Feat på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: L». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 1. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ «Rolling Stone review». Arkivert frå originalen 12. august 2009. Henta 5. oktober 2020.
- ↑ «Little Feat - Little Feat | Credits». AllMusic. Henta 5. februar 2010.