Etnedal kommune
| Etnedal kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet | ||
| Adm.senter | Bruflat | ||
| Areal | 459 km² | ||
| • land | 445 km² | ||
| • vatn | 14 km² | ||
| Folketal | 1 254 (1. januar 2025) | ||
| Målform | nøytral | ||
| Ordførar | Linda Mæhlum Robøle (Sp) | ||
| Kommunenr. | 3450 | ||
![]() Etnedal kommune 60°58′02″N 9°39′13″E / 60.967222222222°N 9.6536111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Etnedal | |||
| Nettstad: www.etnedal.kommune.no | |||
Etnedal kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord og vest til Nord-Aurdal, i sør til Sør-Aurdal og i aust til Nordre Land. Kommunen ligg omkring det øvre utløpet av elva Etna og er tradisjonelt rekna til landskapet Valdres.
Etnedal kommune vart oppretta i 1894 då Bruflat sokn vart skilt ut frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn vart skilt ut frå Nord-Aurdal. Kommunevåpenet vart godkjend i 1989 og har ei gull kvelvingsbru mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer Lunde bru.[1]
Geografi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Elva Etna renn frå innsjøen Steinsetfjorden vest i kommunen, forbi Bruflat, før ho passerer Lunde bru, Høljarast bru og helleristingane ved Møllerstufossen og renn ut i Randsfjorden. Elva er ikkje regulert.
I Etnedal kommune er det høgtliggande område mot Valdres i vest. I nord og aust er det eit meir ope fjellviddelandskap, der det høgste punktet er Spåtind (1414 moh.) på grensa til Nordre Land.[2]
Busetnaden i Etnedal kommune er spreidd og følgjer dei fruktbare områda langsetter dalføra. Administrasjonssenteret ligg på Bruflat, som også er den einaste tettstaden i kommunen.[3] Her er det laga ein park ved omsorgsbustadene, og ein ønskjer å etablere eit lite bygdetun her med gamle hus for aktivitetar.
Hovudnæringane i kommunen er husdyrhald og skogbruk, men det er også aktivitet innanfor industri og turisme.
Ting å sjå
[endre | endre wikiteksten]- Lunde bru, som er motivet på kommunevåpenet. Brua er den lengste steinkvelvsbrua i Nord-Europa, og blei bygd i 1829 som ein del av den gamle kongevegen til Bergen. I 1992 blei ein del av denne vegen pussa opp og er nå i bruk som naturstig og turveg.
- Høljarast bru, krigsminnesmerke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kommunevåpenet – bru i blått». Etnedal kommune. Henta 10. januar 2014.
- ↑ «Etnedal». Store Norske Leksikon. Henta 10. januar 2014.
- ↑ Svendsen, Trond Olav; Amoriza, Silje Een de; Mæhlum, Lars; Allkunne (11. august 2025). «Etnedal». Store norske leksikon (på norsk).

