Daddel
Daddel | |
![]() Daddelpalmar i Marokko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Arecales |
Familie: | Palmefamilien Arecaceae |
Underfamilie: | Coryphoideae |
Stamme: | Phoeniceae |
Slekt: | Phoenix |
Art: | Daddel P. dactylifera |
Vitskapleg namn | |
Phoenix dactylifera |
Daddel er frukta frå daddelpalmen (Phoenix dactylifera) i palmefamilien. Ein dyrkar dadlar i tørre delar av Asia og Nord-Afrika, særleg i oasar. Daddeldyrking er særleg viktig i Midtausten.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Daddelpalmen er eit mellomstort tre, 15-25 meter høgt, som kan ha fleire stammar frå same rotsystemet eller ein enkel stamme. Blada er 3-5 meter lange.
Dadlar[endre | endre wikiteksten]
Daddelfrukta er eigenleg eit bær som inneheld eitt frø. Ein har brukt dadlar til mat i Midtausten i tusenvis av år. Dei har vore dyrka frå Mesopotamia til Egypt, kanskje så tidleg som 4000 f.Kr Arkeologiske funn tyder på at dadlar kan ha vore kultiverte aust i Arabia i 6000 f.Kr
Dyrking[endre | endre wikiteksten]
Daddelpalmar blir dyrka for frukta, for å gje ly og som prydplante.
Verdas eldste spirande frø[endre | endre wikiteksten]
Eit 2000 år gammalt daddelfrø frå Masada nær Daudehavet vart i 2008 det eldste frøet i verda ein har fått til å spira.[1] Førebels undersøkingar har vist at planta deler omtrent halvparten av DNAet med tre moderne variantar av daddelpalmen, frå Egypt, Irak og Marokko.
Daddel i kulturen[endre | endre wikiteksten]
Daddelpalmen har lenge vore ein viktig kulturplante i området ho veks i. Han er nemnd fleire gonger i Bibelen og Koranen, og blir mellom anna nytta til å byggja lauvhytter under den jødiske sukkothøgtida. Palmegreinene er mellom anna eit symbol for siger, og kan brukast til å markera palmesundag. Innan islam er det vanleg å bryta fasta under ramadan med dadlar og vatn. Ifølgje tradisjonen likna Muhammed ein god truande med daddelpalmen.[2]
Daddelpalmen er eit nasjonalsymbol for Saudi-Arabia, som nytte henne i riksvåpenet. Ho er også avbilda på pengar og frimerke frå Algerie, Libya og Tunisia.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Daddelpalme» frå Wikipedia på bokmål, den 6. november 2010.
- Martha Modzelevich, Phoenix dactylifera, Date Palm, Tamr תמר מצוי , تمر, Flowers in Israel
- Najma Mohamed, Plants of the Qur'an: The Date Palm[daud lenkje], islamonline.net, 2011-01-20
Fotnotar[endre wikiteksten]
- ↑ Connor, Steve: 2,000-year-old seed grows into 'tree of life' for scientists, The Independent, 13. juni 2008
- ↑ Bukhari, Hadith 3:411, fortald av Ibn 'Umar
- ↑ Date Palm Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine. ved foodmuseum.com
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Date Palm Cultivation. FAO PLANT PRODUCTION AND PROTECTION PAPER 156, Rev. 1.
Denne biologiartikkelen som har med landbruk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- Takson namngjevne av Carl von Linné
- Frukt
- Palmefamilien
- Saudiarabiske nasjonalsymbol
- Plantar i Egypt
- Plantar i Eritrea
- Plantar i Libanon
- Plantar i Libya
- Plantar i Pakistan
- Plantar i Saudi-Arabia
- Plantar i Dei sameinte arabiske emirata
- Planteliv i Nord-Afrika
- Planteliv i Sahara
- Planteliv på Den arabiske halvøya
- Medisinplantar
- Plantar i Bibelen
- Plantar i Koranen
- Plantar i islam
- Plantar i jødedommen
- Plantar i kristendommen