Dyretransport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyretransport på Madagaskar.

Dyretransport er transport av krøter med bil, tog, skip eller luftfartøy. Ein kan transportera dyr til og frå beite, for sal, til fesjå, rodeo og andre tilstellingar, eller til slakting.

Ofte vert ein lastebil nytta til dyretransport. I Noreg er slike bilar som oftast skapbilar, medan dei i varmare land kan vera lastebilar med open platt, med høge karmar.