Krokløftbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krokløftbil hukar tak i ein konteinar frå ei jarnbanevogn.

Krokløftbil er ein lastebil utstyrt med ei hydraulisk arm med ein krok på enden, som vert nytta for å huka tak i og dra opp konteinarar på chassiset. Lastebilchassiset er utstyrt med feste for konteinarar, slik at dei kan festast forsvarleg under transport. I tillegg til ISO-konteinarar vert krokbilar òg mellom anna nytta til å transportera skrotkonteinarar til/frå byggjeplassar. Føremonen med denne typen bilar er at det går svært snøgt å lasta konteinarane av og på. Arma gjer det dessutan mogleg å koma til konteinarar som står vanskeleg til.