Kranbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein KamAZ 5320 med bakmontert kran.

Kranbil er ein lastebil med kran. Krana kan vera montert rett bak førarhuset, eller heilt bak på bilen. Føremonen med bakmonterte kraner er at dei òg kan nyttast for lasting av tilhengar og at dei er lettare å demontera for å auka nyttelasten. Det finst òg store kraner monterte i staden for lasteplan, om lag som på ei mobilkran. Bilmonterte kraner er utstyrte med hydrauliske støttelabbar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]