Bulkbil

Bulkbil er ein lastebil, eller eit vogntog, med høge karmar og tak, eller tank for transport av faststoff i pulver, granulat og liknande former. Typiske oppgåver er transport av korn, mjøl, kraftfor, kunstgjødsel, kjemikaliar i pulverform, opphakka trevirke, sagflis, spon, pellets, sement, etc.
Bulkbilar kan verta lasta med hjullastar, ved at lasta renn ned i bilen frå ein silo eller ved hjelp av trykkluft. Lossing foregår ved hjelp av trykkluft, eller ved at lasta vert tippa ned i ein silo.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Ein norsk flisbil (Scania trekkvogn med semitrailer) vert lasta av ein Volvo hjullastar.
DAF trekkvogn med bulksemitrailer vert last opp.
Bulkbil leverer korn.
Ein tysk bulkbil leverer kraftfor i 1967.
Ein bulkbil vert lasta med kveite i Great Gidding i Cambridgeshire i England.