Mjølkebil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjølkebil.

Mjølkebil er ein tankbil som vert nytta til å transportera mjølk frå produsentane til meieriet. Moderne mjølkebilar har spesialbygde tankar i rustfritt stål, og er utstyrte med pumpe for å pumpa mjølka over frå gardstanken til tanken på bilen. Det vert stilt strenge krav til hygiene, og tanken, pumpene og slangane vert grundig reingjorde etter at mjølka er levert til meieriet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Plattbil med mjolketankar.

Dei fyrste meieria var små lokalmeieri, og mjølka vart levert med hest og vogn, eller slede om vinteren. Etter kvart som vegane vart bete tok ein i bruk lastebilar for å transportera mjølka til meieriet. Mjølka kunne då transporterast over større avstandar og det vart bygd større meieri. I fleire år vart mjølka transportert i spannplattbilar. Mjølkespanna vart då plasserte på ein mjølkerampe og lempa over på bilen av ein mjølkelempar. Neste steg i utviklinga var at ein plasserte ein ståltank på ein plattbil. Desse utvikla seg så gradvis til dei speialbygde mjølkebilane som er vanlege i dag.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]