Ballasttrekkvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spesialtransport av ein transformator på 100 tonn med tre ballasttrekkvogner.

Ballasttrekkvogn er ei trekkvogn som ikkje ber nyttelast, men vert lasta ned med ballast for å auka markgrepet, slik at trekk og bremsekrafta aukar.

Ballasttrekkvogner vert ofte nytta for nytta for å trekkja svanehalshengarar i samband med ulike typar spesialtransport. For særleg tunge transportoppdrag vert det nytta fleire balasttrekkvogner, der nokre trekkjer og andre skuvar lasta. I slike tilfelle nyttar ein ofte ein spesialhengar med mange hjul, for at akseltrykket ikkje skal verta for høgt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]