Påhengsvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldre lastebil (Scania Vabis) med 1-aksla påhengsvogn.
Lastebil (DAF) med 2-aksla påhengsvogn.
Påhengsvogn til traktor.

Påhengsvogn kan også verte omtala som enkelaksla sidan hengartypen i utgangspunktet er balansert over ein sentrert aksling. Likevel er det ofte slik at tilhengarane er utstyr med boggi/trippelboggi i staden for den eine akslingen. Grunna balanseringa rundt aksling(ane) midt under tilhengaren ber desse størsteparten av vekta medan berre ein liten del kviler på trekkvogna.

Tilhengarar til personbilar er vanlegvis av denne typen.

Påhengsvogner vert ofte vurdert som lettare å rygga med enn slepvogner.

Lastebilhengar[endre | endre wikiteksten]

Påhengsvogner er ofte nytta på grusbilar/dumparbilar. Tilhengartypen er også populær for volumkrevjande gods sidan han mogleggjer liten lysopning mellom trekkvogn og tilhengar. Går også gjerne under namnet kjerre.

Traktortilhengar[endre | endre wikiteksten]

Påhengsvogner til traktor er har oftast akslinga(ne) plassert så langt bak at ein stor del av tyngda til tilhengaren vert boren av traktoren. Dei er dermed ikkje balansert på same måten som dei andre påhengsvognene. Føremonnen med dette er at traktoren får meir vekt på bakakselen og dermed betre framkommelegheit.

Dette er den vanlegaste tilhengartypen for traktor i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er henta ut frå «Tilhengar», den 22. mars 2009.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]