Earth Angel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Earth Angel
Singel av The Penguins
A-side «Hey Señorita»
Utgjeve Oktober 1954[1]
Innspelt kring august–september 1954[2]
Sjanger
Lengd 2:57
Selskap Dootone
Låtskrivar(ar)
  • Curtis Williams
  • Jesse Belvin
  • Gaynel Hodge
Produsent Dootsie Williams
The Penguins-kronologi
Earth Angel «No There Ain't No News Today / When I Am Gone»
(1954)


«Earth Angel» (stundom kalla «Earth Angel (Will You Be Mine)») er ein song av den USA-amerikanske doo-wop-gruppa The Penguins. Han vart produsert av Dootsie Williams og gjeven ut som debutsingelen deira i oktober 1954 på Dootone Records. The Penguins hadde oppstått året før og spelt inn songen som ein demo i ein garasje i sørlege Los Angeles. Opphavet til songen var omstridd og kjem frå fleire kjelder, mellom anna songar av Jesse Belvin, Patti Page og The Hollywood Flames. Usemje om forfattarskapen førte til ein bitter rettsstrid med Williams i åra etter singelen kom ut.

Sjølv om songen vart overdubba med fleire instrument, vart den originale demoversjonen ein uventa hit, og gjorde det kjapt betre enn A-sida av singelen. Songen byrja å gjere det bra i Sør-California, og spreidde seg ut over heile landet i løpet av vinteren 1954-1955. «Earth Angel» vart den første utgjevinga frå eit sjølvstendig selskap som gjekk inn på den nasjonale poplista til Billboard, der han nådde topp 10. Han var ein stor hit på R&B-lista og låg på toppen av denne lista i fleire veker. Ein coverversjon av ei kvit vokalgruppe, The Crew-Cuts, klatra enno høgare på poplista, til ein tredjeplass. Fleire coverversjonar følgde, mellom andre av Gloria Mann, Tiny Tim, Johnny Tillotson og Elvis Presley.

Songen vart den einaste hitten til The Penguins, og selde etter kvart over 10 millionar eksemplar. Den originale innspelinga selde godt gjennom heile 1950-åra, og vert no rekna som ein av dei mest kjende doo-wop-songane. I 2005 var songen ein av 50 innspelingar som vart valt ut av Library of Congress for National Recording Registry, eit nasjonalt platearkiv, som gjeld innspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Earth Angel» har blitt mykje spelt av andre artistar, og mange av dei kom like etter songen vart ein suksess, mellom andre fleire kvite artistar som Gloria Mann, Pat O'Day og Les Baxter.[3] Elvis Presley spelte inn ein uformell versjon av songen medan han var i militæret i Tyskland.[3] «The Flying Saucer» (1956) vert ofte rekna som den første mashup-songen[4][5] og sampla songen utan løyve.[6] Andre versjonar er blitt spelt inn av Johnny Tillotson, The Cleftones, The Vogues, New Edition, The Temptations, Joan Baez, Bella Morte og Johnny Preston.[7]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om The Penguins alrdi fekk ein annan suksess, har denne songen blitt mykje hylla. Rolling Stone plasserte songen på 152. plassen på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene, og kalla han «ei særs viktig innspeling i den tidlege utviklinga av rock and roll. Den naturlege, uanstrengde vokalen til The Penguins, fire svarte skuleelevar frå L.A., definerte gatehjørneelegansen i doo-wop».[8]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1954–55) Plassering
US Honor Roll of Hits (Billboard)[9] 5
The Penguins-versjonen
Liste (1954–55) Plassering
US Best Sellers in Stores (Billboard)[10] 8
US Best Sellers in Stores (R&B) (Billboard)[11] 1
US Most Played in Jukeboxes (R&B) (Billboard)[12] 1
US Most Played by Jockeys (R&B) (Billboard)[11] 1
Liste (1959) Plassering
US Bubbling Under the Hot 100 (Billboard)[13] 6
The Crew-Cuts
Liste (1955) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[14] 4
US Best Sellers in Stores (Billboard)[15] 8
US Most Played in Jukeboxes (Billboard)[16] 8
US Most Played by Jockeys (Billboard)[17] 3

Gloria Mann-versjonen
Liste (1955) Plassering
US Best Sellers in Stores (Billboard)[18] 24
US Most Played in Jukeboxes (Billboard)[19] 19
Johnny Tillotson-versjonen
Liste (1960) Plassering
US Hot 100 (Billboard)[20] 57
The Vogues-versjonen
Liste (1969) Plassering
US Hot 100 (Billboard)[21] 42
New Edition-versjonen
Liste (1986) Plassering
US Hot 100 (Billboard)[22] 21

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Black, Johnnie (2006). Singles: Six Decades of Hot Hits and Classic Cuts. New York: Thunder Bay Press, p. 11. First edition, 2006.
  2. Sullivan, Steve (2013). Encyclopedia of Great Popular Song Recordings. New York: Scarecrow Press, pp. 382–84. First edition, 2013.
  3. 3,0 3,1 Birnbaum, Larry (2013). Before Elvis: The Prehistory of Rock 'n' Roll. New York: Scarecrow Press, pp. 316–18. First edition, 2013.
  4. Plasketes, George (2010). Play it Again: Cover Songs in Popular Music. Aldershot: Ashgate Publishing, p. 210. First edition, 2010.
  5. «The Recombinant DNA of the Mash-Up». The New York Times. 6. januar 2011. Henta 13. februar 2018. 
  6. «'Earth Angel' Flies Again». Billboard: 39. 18. august 1956. ISSN 0006-2510. Henta August 27, 2014. 
  7. Ryan, Tim (September 14, 2001). «‘Earth Angel’ still flying high». Honolulu Star-Bulletin. Henta August 27, 2014. 
  8. «500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. 7. april 2011. Henta 13. februar 2018. 
  9. «Honor Roll of Hits». Billboard: 24. March 5, 1955. ISSN 0006-2510. Henta 13. februar 2018. 
  10. «Best Sellers in Stores». Billboard: 32. February 5, 1955. ISSN 0006-2510. Henta August 27, 2014. 
  11. 11,0 11,1 «Rhythm and Blues Records». Billboard: 52. February 19, 1955. ISSN 0006-2510. Henta August 27, 2014. 
  12. «Honor Roll of Hits». Billboard: 60. January 15, 1955. ISSN 0006-2510. Henta August 27, 2014. 
  13. «Bubbling Under the Hot 100». Billboard: 25. December 28, 1959. ISSN 0006-2510. Henta 13. februar 2018. 
  14. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 13. februar 2018.
  15. «Best Sellers in Stores». Billboard: 48. February 26, 1955. ISSN 0006-2510. Henta 13. februar 2018. 
  16. «Most Played in Jukeboxes». Billboard: 34. March 19, 1955. ISSN 0006-2510. Henta 13. februar 2018. 
  17. «Most Played by Jockeys». Billboard: 36. March 12, 1955. ISSN 0006-2510. Henta 13. februar 2018. 
  18. «Best Sellers in Stores». Billboard: 24. February 26, 1955. ISSN 0006-2510. Henta 13. februar 2018. 
  19. «Most Played in Jukeboxes». Billboard: 34. March 19, 1955. ISSN 0006-2510. Henta 13. februar 2018. 
  20. «Johnny Tillotson Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 13. februar 2018. 
  21. «The Vogues Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 13. februar 2018. 
  22. «New Edition Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 13. februar 2018.