Foxy Lady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foxy Lady
Song av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Are You Experienced
Utgjeve 12. mai 1967 (UK)
Innspelt 13. desember 1966
Sjanger Rock, psykedelisk rock
Lengd 3:22
Selskap Track Records (UK)
Komponist Jimi Hendrix
Tekstforfattar Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
Foxy Lady
Singel av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Are You Experienced
B-side

«Hey Joe»

Språk engelsk
Utgjeve August 1967 (berre USA)
Sjanger Rock, psykedelisk rock
Lengd 3:19
Selskap Reprise Records
Komponist Jimi Hendrix
Tekstforfattar Jimi Hendrix
The Jimi Hendrix Experience-kronologi 
«Burning of the Midnight Lamp»
(1967)
Foxy Lady «Up from the Skies»
(1968)


«Foxy Lady» (eller stundom «Foxey Lady») er ein song av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are you Experienced i 1967. Songen finst òg på mange av samlealbuma til Jimi Hendrix. Rolling Stone kåra songen til den 152. beste på lista si over dei 500 beste rockesongane gjennom tidene.

Songen er kjend for gitarriffet, der Hendrix skiftar mellom to oktaver. Det er ein av dei første songane der Hendrix nyttar feedback på ei studioinnspeling. Songen nyttar den såkalla Hendrix-akkorden, den dominante 7#9.

Den amerikanske versjonen av Are You Experienced har ført opp songen på plateomslaget som «Foxey Lady», som var ein trykkfeil,[1] og mange skriv derfor namnet slik i dag.

Gruppa hadde vanskar med å avgjere korleis dei skulle avslutte songen. Bassisten Noel Redding hevdar den siste akkorden var forslaget hans.[2]

Hendrix kommenterte teksten sin og sa at han ikkje pleide å snakke til damer på ein så direkte måte som teksten indikerer.[2]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]