The Penguins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Penguins
OpphavLos Angeles, California, United States
Aktiv1953–2012
SjangerDoo wop, rhythm and blues
PlateselskapDootone, Mercury, Atlantic[1]
Tidlegare medlemmerCleveland Duncan
Curtis Williams
Dexter Tisby
Bruce Tate
Randy Jones
Ray Brewster
Teddy Harper
Walter Saulsberry
Vesta King
Evelyn King
Vera Walker
Rudy Wilson
Glenn Madison
PrisarGrammy Hall of Fame Award

The Penguins var ei USA-amerikansk doo-wop-gruppe i 1950- og tidleg i 1960-åra, mest kjend for den einaste hitten sin, «Earth Angel», som var ein av dei første rhythm and blues-hittane som gjekk inn på poplista. Songen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100-lista,[2] og låg tre veker på toppen av R&B-lista. Songen vart seinare nytta i Tilbake til fremtiden-filmane. Tenor i gruppa var Cleveland Duncan.[3]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Dei første medlemmane i The Penguins var Cleveland Duncan (23. juli 1935–7. november 2012), Curtis Williams (11. desember 1934–10. august 1979), Dexter Tisby (10. mars 1935) og Bruce Tate (27. januar 1937–20. juni 1973).[2] Duncan og Williams var tidlegare klassekameratar i Los Angeles i California, og Williams hadde blitt medlem i The Hollywood Flames. Seint i 1953 valte dei å skipe ei ny vokalgruppe, og tok med seg Tisby og Tate. Den mellomraske stilen deira var ei blanding av rhythm and blues og rock and roll. Williams tok med seg ein ny song, «Earth Angel», som han hadde skrive i lag med Gaynel Hodge, eit anna medlem i Hollywood Flames.[1]

The Penguins var ei av fleire doo-wop-grupper frå denne tida kalla opp etter fuglar (som The Orioles, The Flamingos og The Crows). Eit av medlemmane i bandet røykte Kool-sigarettar. «Willie the Penguin» var ein teikneseriefigur som vart nytta i reklamane for merket, og sida bandet rekna seg sjølv som «kule», kalla dei seg «The Penguins».[1]

Dootone Records gav ut The Penguins-singelen «Hey Senorita» seint i 1954, men radiostasjonane føretrekte B-sida «Earth Angel», og songen klatra opp til toppen av R&B-lista til Billboard (den einaste Penguins-songen som nådde så høgt), og heldt plassen i tre veker tidleg i 1955. I 1966 hadde singelen seld fire millionar eksemplar.[2] The Penguins følgde opp denne hitten med julesingelen «A Christmas Prayer» med «Jingle Jangle» på B-sida.[4]

Duncan song solo på «Earth Angel». Han gjorde det same ti år seinare på Frank Zappa sin «Memories of El Monte», ein elegisk song frå 1963, der han brått bryt ut i «Earth Angel» som ein av forskjellige songar han hugsar.[5] El Monte, ein by nær Los Angeles, hadde fostra populære artistar som Tony Allan, Marvin & Johnny, The Shields, i tillegg til The Penguins. Desse gruppene vart òg etterlikna som ein del av Zappa sin hyllesst til den første tida i rock and roll.

Det var vanleg på denne tida at radiostasjonar hadde segregerte spelelister. «Earth Angel» vart derfor samstundes spelt inn av den kvite gruppa The Crew-Cuts i 1955. The Crew-Cuts sin versjon nådde tredjeplassen på Hot 100-lista, fem plassar høgare enn The Penguins sin versjon. Suksessen til singelen medverka til at The Crew-Cuts fekk ein suksessrik karriere med popvenlege versjonar av R&B-hittar.

Etter suksessen med «Earth Angel», vart The Penguins møtt av Buck Ram som ønskte å vere manager for dei. Ram var hovudsakleg interessert i The Platters, som på den tida ikkje hadde nokre hitsinglar, men som selde godt som turnéband. Med The Penguins i stallen, kunne Ram køyre ein 2-for-1-avtale med Mercury Records, der selskapet gjekk med på å ta med The Platters mot at dei òg fekk The Penguins (gruppa Mercury faktisk ønskte). Ironisk nok var det The Platters som fekk størst suksess for selskapet, sidan The Penguins ikkje klarte å følge opp den første hitsingelen.

I 1955 hadde Bruce Tate slutta i gruppa. Han vart erstatta av Randy Jones (som seinare song med The Cadets). Sommaren 1956 var Jones og Tisby ei kort stund ute av gruppa og vart erstatta av Ray Brewster og Teddy Harper. Jones og Tisby vende attende kort tid etterpå. Curtis Williams slutta i desember 1957, og Harper vart permanent erstattar.[1] The Penguins fekk aldri ein ny nasjonal hit, men versjonen deira av «Pledge of Love» i 1957, nådde 15. plassen på R&B-lista.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Gruppa vart oppløyst i 1962. Cleveland Duncan fortsette å bruke namnet The Penguins, med det nye medlemmet Walter Saulsberry og ei gruppe kalla The Viceroys som som akkompagnement. Seinare bestod gruppa av Duncan, Saulsberry, Vesta og Evelyn King, og Vera Walker. Seint i 1960-åra byrja gruppa å kalle seg The Fabulous Penguins, og bestod av Duncan, Walker og det nye medlemmet Rudy Wilson. I 1970-åra var medlemmane Duncan, Walter Saulsberry og det nye medlemmet Glenn Madison, som tidlegare hadde sunge for The Delco's. Denne besetninga bestod fram til 2012.[1]

Gruppa er nemnt i Paul Simon-songen «Rene and Georgette Magritte with Their Dog after the War».

Prisar[endre | endre wikiteksten]

The Penguins var innlemma i Vocal Group Hall of Fame, eit æresgalleri for vokalgrupper, i 2004.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 [1] Arkivert September 9, 2009, ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 2,2 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 70. ISBN 0-214-20512-6. 
  3. Martin, Douglas (14. november 2012). «Cleve Duncan, 1954 Hitmaker With ‘Earth Angel,’ Dies». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 13. februar 2018. 
  4. The Mercury Labels: The 1945-1956 era Michel Ruppli, Ed Novitsky - 1993 - Page 538 «THE PENGUINS: Cleveland Duncan , Dexter Tisby(tenor vo)Bruce Tate (baritone vo)Curtis Wil 1 iams (bass vo) with ts,p & rhythm. Mercury Sound Studio , NYC .November 12, 1955 12409 12410 A Christmas prayer Jingle jangle Merc.70762 ...»
  5. [2] Arkivert March 27, 2012, ved Wayback Machine.
  6. «Inductees - The Vocal Group Hall of Fame Foundation». Vocalgroup.org. Arkivert frå originalen 2013-12-16. Henta 13. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]