Eberhard Vogel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eberhard Vogel

Eberhard Vogel World Cup 1974.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 8. april 1943
Frankenberg
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Eberhard Vogel (fødd 8. april 1943) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Frankenberg i Sachsen. Vengspelaren deltok i 74 landskampar for Aust-Tyskland i tida 1962-76 og vann OL-bronse i 1972.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Vogel spelte på FC Karl-Marx-Stadt frå 1961 til -70, der han i 1967 var med om å vinne den austtyske ligaen. Etter at laget frå Karl-Marx-Stadt rykte ned i 1970, flytta Vogel over til FC Carl Zeiss Jena og var aktiv i den klubben til han la opp i 1982. Med Carl Zeiss Jena sanka han tre nasjonale cup-pokalar (FDGB), etter to finalesigrar mot Dynamo Dresden og ein mot Rot-Weiß Erfurt. Våren 1981 tok Carl Zeiss Jena seg heilt til finalen i Cupvinnarcupen, undervegs eliminerte austtyskarane mellom andre AS Roma, Valencia CF og Benfica. I finalen vart det tap 1-2 mot Dinamo Tbilisi frå Sovjetunionen. Vogel spelte til saman 440 kampar i oberligaen i Aust-Tyskland, fleire kampar enn nokon annan spelar. Han skåra i alt 188 ligamål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vogel deltok i 74 landskampar i tida frå debuten mot Guinea i Conakry i desember 1962, til dess han vart teken av bana då Aust-Tyskland i april 1976 slo Algerie 5-0 heime i Cottbus. Han var innbytar i tre av kampane under Sommar-OL 1972 i Vest-Tyskland. I bronsefinalen mot Sovjetunionen utlikna han frå venstrevengen til sluttresultatet 2-2, eit oppgjer som enda med bronsemedaljar til begge laga. To år seinare var Vogel tilbake i Vest-Tyskland, der han var med i tre av VM-kampane til det austtyske mannskapet. Han skåra i alt 25 langslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1981 med Carl Zeiss Jena
  • Austtysk seriemeister: 1967 med Karl-Marx-Stadt
  • Austtysk cupmeister: 1972, 1974 og 1980 med Carl Zeiss Jena

Kjelder[endre | endre wikiteksten]