VM i fotball 1974

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
VM-merket
Johan Neeskens skårar på straffespark i finalen
Jürgen Grabowski med VM-pokalen på eit frimerke frå Paraguay

Verdsmeisterskapen i fotball 1974 vart avvikla i Vest-Tyskland i tida 13. juni til 7. juli. Dei 38 kampane fann stad på ni arenaer i like mange byar; München, Stuttgart, Frankfurt am Main, Düsseldorf, Gelsenkirchen, Dortmund, Hannover, Hamburg og Vest-Berlin. Vertslandet Vest-Tyskland vart verdsmeister for andre gong etter å ha vunne 2-1 over Nederland finalen. Polske Grzegorz Lato vart toppskårar i turneringa med sju mål.

Turneringsformatet var endra frå dei føregåande VM-turneringane. Som tidlegare vart dei 16 deltakarlanda delt i fire innleiingsgrupper, og der dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til mellomspel. Dei attverande åtte laga, gruppevinnarane Aust-Tyskland, Jugoslavia, Nederland og Polen og gruppetoarane vart Vest-Tyskland, Brasil, Sverige og Argentina, vart så delt i to grupper. Vinnarane av dei mellomspelgruppene møttest så til finale, toarane i desse gruppene spelte bronsefinale. Nederland vann gruppe 1 framom Brasil, medan Vest-Tyskland sigr ai gruppe 2 framom Polen. I bronsekampen vann Polen 1-0 over Brasil.

Fyrste runde[endre | endre wikiteksten]

Gruppe 1[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Det austtyske flagget Aust-Tyskland 3 2 1 0 4–1 3 7
2 Flagget til Vest-Tyskland Vest-Tyskland 3 2 0 1 4–1 3 6
3 Flagget til Chile Chile 3 0 2 1 1–2 −1 2
4 Flagget til Australia Australia 3 0 1 2 0–5 −5 1

Gruppe 2[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Jugoslavia Jugoslavia 3 1 2 0 10–1 9 5
2 Flagget til Brasil Brasil 3 1 2 0 3–0 3 5
3 Flagget til Skottland Skottland 3 1 2 0 3–1 2 5
4 Flagget til Zaire Zaire 3 0 0 3 0–14 −14 0

Gruppe 3[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Det nederlandske flagget Nederland 3 2 1 0 6–1 5 7
2 Flagget til Sverige Sverige 3 1 2 0 3–0 3 5
3 Flagget til Bulgaria Bulgaria 3 0 2 1 2–5 −3 2
4 Flagget til Uruguay Uruguay 3 0 1 2 1–6 −5 1

Gruppe 4[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Polen Polen 3 3 0 0 12–3 9 9
2 Flagget til Argentina Argentina 3 1 1 1 7–5 2 4
3 Flagget til Italia Italia 3 1 1 1 5–4 1 4
4 Flagget til Haiti Haiti 3 0 0 3 2–14 −12 0

Andre runde[endre | endre wikiteksten]

Gruppe A[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Det nederlandske flagget Nederland 3 3 0 0 8–0 8 9
2 Flagget til Brasil Brasil 3 2 0 1 3–3 0 6
3 Det austtyske flagget Aust-Tyskland 3 0 1 2 1–4 −3 1
4 Flagget til Argentina Argentina 3 0 1 2 2–7 −5 1

Gruppe B[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Vest-Tyskland Vest-Tyskland 3 3 0 0 7–2 5 6
2 Flagget til Polen Polen 3 2 0 1 3–2 1 9
3 Flagget til Sverige Sverige 3 1 0 2 4–6 −2 5
4 Flagget til Jugoslavia Jugoslavia 3 0 0 3 2–6 −4 5

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom Nederland og Vest-Tyskland fann stad på Olympiastadion i München den 7. juli. Nederland, som gjennom meisterskapen hadde imponert med sin såkalla totalfotball, tok leiinga på eit straffespark i det andre minuttet av kampen, etter at Johan Cruijff vart felt. Johan Neeskens var sikker eksekutør. Målet kom før nokon vesttysk spelar hadde vore borti ballen. I det 25. minutt utlikna Paul Breitner, også han på straffespark. Desse to straffane var dei fyrste i ein VM-finale. Kampen vart avgjord i det 43. minutt då den tyske mistspissen Gerd Müller netta frå kort hald.

På det vesttyske meisterlaget spelte Sepp Maier, kapteinen Franz Beckenbauer, Georg Schwarzenbeck, Berti Vogts, Paul Breitner, Rainer Bonhof, Uli Hoeneß, Wolfgang Overath, Jürgen Grabowski, Gerd Müller og Bernd Hölzenbein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]