Edvard Opdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvard Opdahl
Fødd 22. juli 1844
Klinga
Død

17. august 1934
Nesseby

Yrke Lensmann, kjøpmann, lærar, politikar

Edvard Cornelius Opdahl (22. juli 184417. august 1934) var ein norsk handelsmann, lensmann og stortingsmann frå Klinga i Nord-Trøndelag. På tinget representerte han Venstre.

Opdahl vart sytten år gammal tilsett som hjelpelærar i heimbygda Klinga. Deretter var han eitt år på eit trelastkontor og var så åra 1863-66 handelsbetjent og huslærar i Tromsø. Han heldt fram som handelsbetjent i to nye år, då i Hammerfest. Tida 1868-81 var han styrar, såkalla faktor, av ei handelsverksemd i Talvik. Frå 1881 var han lensmann i Nesseby.

Opdahl var etter tur medlem av heradsstyra i både Talvik og i Nesseby, i sistnemnde herad i 24 år (1883-1907). 1908-10 var han fungerande leiar i jordsalkommisjonen for Finnmark. Stortingsperioden 1903-06 var han Finnmark sin 1. representant på Stortinget. Han var då medlem av Lagtinget og justiskomiteen. I 1906 var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]