Edvin Landsem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvin Landsem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. februar 1925
Rindal kommune
Død

31. august 2004 (79 år)

Yrke langrennsløpar
Edvin Landsem på Commons

Edvin Landsem (27. februar 192531. august 2001) var ein norsk langrennsløpar som vart noregsmeister på femmila i 1951 og kom på femteplass på same distansen i ski-VM 1954. I alt vann han sju NM-medaljar (1-2-4) i tida 1950-55. Landsem var både fødd og døydde i Rindal, og representerte det lokale idrettslaget Sportsklubben Troll.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Landsem vart lagt merke til då han i 1949 vart nummer fire på tremila under NM i Steinkjer. Året etter tok han i noregsmeisterskapen sølvmedaljen på 30 km bakom Magnar Estenstad, og bronsemedaljen på 18 km. Han fekk tur til ski-VM i Lake Placid i USA, der han kom på 13. plass på 50 km. Under NM på ski 1951 i Narvik vann Landsem femmila 36 sekundar føre sin argaste konkurrent, Martin Stokken, og fekk bronsemedaljen på tremila og vart nummer fire på 18 km.

Landsem deltok for Noreg i vinterolympiaden i Oslo og kom på sjuandeplass på 50 km. Han fekk det året inga medalje i noregsmeisterskapen, men vart nummer to etter Estenstad på ei kort femmil i Holmenkollen og nummer tre på 18 km same staden, i begge renna mangla utanlandske løparar.

I 1954 vann Landsem NM-sølv på 50 km i Strinda, men var over fire minuttar bakom Estenstad. Litt seinare i sesongen fekk Landsem bronsen på tremila i NM på Kongsvinger. Han gjorde så sin beste internasjonale prestasjon då han kom på femteplass på 50-kilometeren i VM på ski i 1954 i Falun. Med tida 3.06.58 var Landsem berre 18 sekundar bakom bronsevinnaren, Arvo Viitanen, frå Finland. På femmila i Holmenkollen vart han same sesongen nummer fire.

Landsem fekk NM-bronse på femmila i Trysil i 1955, i ei tevling der noregsmeisteren Martin Stokken og sølvmedaljøren Erling Bjørn var i ein klasse for seg. I 1956 i Cortina d'Ampezzo kom Landsem på 15. plass på 50 km. Hans beste prestasjon i 1957 var ein femteplass på NM-femmila på Rena.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]