Martin Stokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Stokken
Martin Stokken 1948cr.jpg
Fødd 16. januar 1923
Død

25. mars 1984
Trondheim

Martin Stokken på Commons

Martin Stokken (16. januar 192325. mars 1984) var ein norsk friidrettsutøvar, langrennsløpar og politimann frå Snillfjord. Han deltok i fire OL, to sommar-OL (1948 og 1952) og to vinter-OL (1952 og 1956). Stokken budde i Trondheim det meste av sitt vaksne liv, der han også døydde.

Stokkens beste resultat i sommar-OL kom i London i 1948 med fjerdeplass på 10 000 m. Han dominerte langdistansane i friidrett på nasjonalt nivå i perioden 1946-51 og vann heile nitten norske meisterskap på langdistansar og terrengløp. I langrennsløypa vann han fem norske meisterskap, fire på 30-km og eitt på 50-km. Dessutan vann han femmila i Holmenkollen i 1954 og Birkebeinerrennet i 1960. Han tevla for Selsbakk IF.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Stokken debuterte i noregsmeisterskapen 1946 i Bergen. Der fekk han to sølvmedaljar, på høvesvis 5 000 meter og 10 000 meter. I begge løpa måtte han sjå seg slått av Thorvald Wilhelmsen, på 5 000 meteren etter eit spurtoppgjer. Året etter vart han tredobbel noregsmeister, då han under NM i Oslo vann kongepokalen for sin siger i den nye øvinga 3 000 meter hinder på tida 9.28,8. Dessutan vann han både 5 000 m og 10 000 m. Tre norske meisterskap og kongepokal fekk han også med seg frå noregsmeisterskapane 1948 og 1949. I 1948 kom kongepokalen i 3 000 meter hinder, medan han i 1949 fekk pokalen for 5 000-meterløpet på 14.34,6. Også dei tre åra 1950-52 triumferte han på 10&nbs000 meter, siste gongen vann han på tida 29.54.0, det snøggaste han nokon gong sprang mila på.

Stokken vart i 1947 den første nordmann under 31 minuttar på 10 000 meter. Han braut halvtimesgrensa i 1949, med tida 29.59,6. Berre dei finske løparane Taisto Mäki og Viljo Heino og den legendariske tsjekkiske løparen Emil Zátopek hadde klart dette før han.

Stokken var norsk flaggberar i sommar-OL 1952 i Helsingfors.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Sølvmedalje både på 5 000 m og 10 000 m i Bergen
  • 1947: Gullmedalje og kongepokal på 3 000 m hinder og gullmedalje både 5 000 m og 10 000 m i Oslo
  • 1948: Gullmedalje og kongepokal på 3 000 m hinder og gullmedalje både 5 000 m og 10 000 m i Trondheim
  • 1949: Gullmedalje og kongepokal på 5 000 m og gullmedalje på 3 000 m hinder og 10 000 m i Oslo
  • 1950: Gullmedalje på 10 000 m i Bergen
  • 1951: Gullmedalje på 5 000 m og 10 000 m i Oslo
  • 1952: Gullmedalje på 10 000 m i Oslo
  • 1953: Sølvmedalje på 10 000 m i Trondheim

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Frå kringom 1949-50 konsentrerte Stokken seg mest om langrennssporten. Han gjekk fyrsteetappen på laget som tok bronse i VM-stafetten i ski-VM 1950, og han gjekk tredjeetappen på laget som vann sølv på stafetten i OL 1952 i Oslo. Stokken var òg med på stafettlaga 1954, 1956 og 1958, som alle gongane vart nummer fire.

Hans beste enkeltrenn i dei internasjonale meisterskapane var fjerdeplassen på femmila under verdsmeisterskapen 1954 i Falun. Han stod då for den beste norske langrennsprestasjonen i meisterskapen, men kom ni sekundar for seint i mål i høve til bronsemannen Arvo Viitanen frå Finland. Elles fekk han to sjetteplassar i vinter-OL, først på 18 kilometer i Oslo i 1952, og så på 15 km i Cortina d'Ampezzo fire år seinare.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1950: Bronsemedalje på 4x10 km stafett under VM i Lake Placid
  • 1951: Nr 10 på 18 km Lahti
  • 1952: Nr 6 på 18 km under OL i Oslo
  • 1954: Vinnar av 50 km i Holmenkollen – nr 4 på 50 km i VM Falun
  • 1956: Nr 6 på 15 km under OL i Cortina d'Ampezzo
  • 1957: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen
  • 1958: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen
  • 1959: Nr 4 på 50 km i Holmenkollen
  • 1960: Nr 9 på 50 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1949: Nr 7 på 50 km
  • 1951: Gullmedalje på 30 km og sølvmedalje på 50 km i Narvik
  • 1952: Sølvmedalje på 18 km i Porsgrunn
  • 1953: Sølvmedalje både på 18 km og 50 km
  • 1954: Gull på 30 km, sølv på 15 km på Kongsvinger, bronse på 50 km i Strinda
  • 1955: Gullmedalje både på 30 km på Voss og på 50 km i Trysil
  • 1957: Gullmedalje på 30 km i Mo i Rana
  • 1958: Nr 4 på 50 km i Oslo
  • 1959: Nr 12 på 15 km på Gjøvik
  • 1960: Nr 11 på 50 km på Fåberg

Stokken vart tildelt Sportsjournalistenes statuett og Egebergs ærespris i 1949, Morgenbladets Gullmedalje i 1950. I 1954 fekk han Holmenkollmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]