Edward Heath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edward Heath i 1987

Edward Richard George Heath (9. juli 191617. juli 2005) var ein britisk politikar som frå 1970 til 1974 var statsminister i Storbritannia. I tida mellom 1959 og 1964 var han mellom anna arbeidsminister og industriminister. Frå 1950 til 2001 representerte han det konservative partiet i Underhuset. Han var leiar av partiet i tidsrommet 1965-75.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Heath var fødd i Broadstairs i grevskapet Kent. Far hans hadde arbeidd seg opp til møbelmeister. Sjølv studerte han filosofi, politikk og bedriftsvitskap ved Balliol College i Oxford. I studietida engasjerte han seg for det konservative partiet, og gjekk, i motsetnad til mange andre konservative, aktivt ut mot appeasement-politikken til dåverande statminister Neville Chamberlain. Mellom 1940 og -45 gjorde Heath teneste i Royal Artilley, til sist som oberstløytnant. Frå 1946 til -50 var han embetsmann i ministeriet for sivil luftfart.

Parlamentarikar og statsråd[endre | endre wikiteksten]

I 1950 stilte Heath som det konservative partiet sin parlamentskandidat i valkrinsen Bexley, og vann valet. Allereie i 1951 talte han for at Storbritannia skulle knyte seg til den monetære unionen i Europa. Frå 1955 var han innpiskar for den konservative parlamentsgruppa. Grunna brukvisa med at innpiskaren ikkje talar i parlamentet, makta han hausten 1956 å halde seg borte frå Suez-krisa. Då Anthony Eden etter krisa var over kunngjorde at han gjekk av som statsminister, skreiv Heath ein rapport om oppfatningane i den konservative gruppa om kven ein skulle velje til ny partleiar, ein rapport som var til stor nytte for Harold Macmillan sitt kandidatur.

Frå 1959 til -60 var Heath arbeidsminister i Macmillan-regjeringa, til han i 1960 vart utnemnd til Lordsiegelbewahrer. Dermed leidde han, som såkalla overbevist europear, den britiske sida i forhandlingane om medlemskap i EEC, forhandlingar som stranda då den franske presidenten Charles de Gaulle la ned veto mot britisk medlemskap. I statsminister Alec Douglas-Home si tid var Heath i 1963/64 industriminister- og regionalutviklings-minister. Samstundes var han leiar for dei nasjonale handelsstyresmaktene, der han då nytta høvet til å avskaffe priskontrollen.

Heath var leiar for det konservative partiet frå 1965 til 1975. Etter leiarvalet i juli 1965 vart han den yngste partileiaren for dei konservative, samstundes vart han opposisjonsleiar i underhuset. Ved parlamentsvalet 31. mars 1966 lukkast Labour-leiaren Harold Wilson å halde på makta. Heath klarte likevel å halde på posisjonen som opposisjonsleiar for dei konservative. Den 18. juni 1970 vann det konservative partiet ein svært overraskande siger ved parlamentsvalet, noko som vart rekna for ein personleg triumf for Heath som tok over som statsminister etter Harold Wilson.

Statsminister 1970-74[endre | endre wikiteksten]

Heath var, då han vart statsminister, den fyrste ungkaren i statsministerbustaden Downing Street på nesten 70 år. Han var den fyrste konservative statsministeren med ein småborgarleg bakgrunn, og førte ein pragmatisk nærings- og innanrikspolitikk.

Trass i stor motstand leidde han Storbritannia inn i EF i 1972. Finanspolitikken vart i større grad lagt om frå direkte til indirekte skattleggjing. Målsettinga om å avgrense makta til fagforeiningane gjennom lovtiltak vart ikkje nådd før EF-valet. Han lukkast heller ikkje å få kontroll over den økonomiske krisa som landet hamna i. Den galopperande inflasjonen, etter overgangen til desimalsystemet i 1971, lurte han i konfrontasjon med ei av dei mektigaste fagforeiningane. Knappheit på energi førte til at industrien innførte tredagars-veke for å spare energi. Det polariserte politiske klimaet førte til at regjeringa måtte gå av før tida.

I Nord-Irland søkte Heath-regjeringa å utøve ein fredeleg balanse mellom dei demokratisk-politiske partia. Heath lukkast faktisk å oppnå Sunningdale-avtalen, men vart iherdig motarbeidd av mange unionistar, særleg Ian Paisley. Ulster Unionist Party slutta å støtte dei konservative i parlamentet. Også dette bidrog til at Heath-regjeringa seinare vart styrta.

Heath søkte å styrke regjeringa sin posisjon ved eit tidleg underhusval. Men underhusvalet i februar 1974 enda med at det nye parlamentet vart eit såkalla hung Parliament, eit parlament utan at ei partigruppe hadde fleirtal. Resultatet var todelt: Dei konservative fekk flest røyster, men Arbeidarpartiet (Labour Party) fleire sete, ettersom Ulster-unionistane avstod frå å støtte dei konservative. Heath gjekk difor i koalisjonsforhandlingar med det liberale partiet. Då desse mislukkast, danna Harold Wilson eit mindretalskabinett. Wilson-regjeringa vart, etter eitt nytt val til underhuset i oktober, sitjande med eit syltynt fleirtal.

Heath-regjeringa gjorde lite for å innskrenke utgiftene. Reduksjonar i undervisningsdepartementet sitt budsjett, der Margaret Thatcher var statsråd, førte til at ordninga med skulemåltid vart avskaffa, og til innskrenkingar ved det opne universitetet (Open University).

På den politiske sidelinja[endre | endre wikiteksten]

Mellom dei to parlamentsvala i 1974 sette Centre for Policy Studies saman ei diskusjonsgruppe i det konservative partiet. Gruppa, med Keith Joseph i spissen, la fram ein høgreorientert diagnose av feilgrepa til Heath-regjeringa. Sjølv om Margaret Thatcher høyrde til CPS, vart diagnosen oppfatta som ein stønad til James Prior, Heath si høgre hand.

Den 4. februar 1975 gjekk Heath av som leiar for det konservative partiet, etter å ha tapt valet til partileiarposten. Han kritiserte ofte etterfylgjaren som partileiar, Margaret Thatcher, men ho tok hans personlege favoritt til partileiar, William Whitelaw, til nestleiar i partiet. Heath heldt fram som aktiv politikar til han i 2001 forlet underhuset, 85 år gammal.

I august 2003 vart Heath lungesjuk under eit ferieopphald i Salzburg, og var sidan sjukleg. Knapt to år seinare døydde han av lungebetennelse i Salisbury i grevskapet Wiltshire.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Heaths tid som partileiar fall delvis saman med slutten for den såkalla torydemokratiske skulen. For denne politiske retninga framstod han som ein mykje respektert representant, samtidig som klassisk-liberale element byrja få sterkare innverknad i partiet. Programmet som vart vedteke tidleg på 1970-talet bar sterke kjenneteikn av monetarisme og marknadsliberalisme, i motsetnad til den lina som den seinare thatcherismen kom til å fylgje. Heaths tid som partileiar utgjer såleis eit vasskilje. I seinare år vart han, ikkje minst på grunn av konflikten med Thatcher, sett på som ein som stod langt til venstre i det konservative partiet.

I 1963 tildelte byen Aachen Karlsprisen til Heath for hans pro-europeiske haldning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]