Eide i Granvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eide
tettstad
Granvin bruk.JPG
Frå Eide med Granvin bruk i framgrunnen
Foto: Thomas Andersen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Granvin
Areal 0,69 km²
Folketal 465 (2017)
Folketettleik 674 / km²
Postnummer 5736 GRANVIN
Preposisjon Eide
Wikimedia Commons: Granvin, Granvin

Eide er administrasjonssenteret i Granvin herad i Hardanger i Hordaland. Tettstaden ligg på eidet mellom Granvinsvatnet og Granvinsfjorden, ein sidearm til Hardangerfjorden.

På Eide ligg mellom anna Granvin barne- og ungdomsskule, sagbruket Granvin bruk, Jaunsen Gjestgjevarstad og museet Granvin bygdatun. Her finn ein òg ymse butikkar og kommunale tenestetilbod, og ungdomshuset Trudvang og Granvin idrettsplass.

Eide har frå lang tid attende vore eit trafikknutepunkt som trafikken mellom Hardanger og Voss har gått om. På slutten av 1800-talet var Eide ei mykje vitja hamn for turistbåtar, og det var hotell og gjestgjevarstad der. Turistane fór landevegen opp Skjervet og om Voss før dei reiste ned til Gudvangen ved Sognefjorden, der dei steig ombordatt båtar. Frå 1935 til 1988 var jarnbanen Hardangerbanen i drift mellom Voss og Eide. Fylkesveg 7 går gjennom Eide på veg mellom Brimnes og Bergen, og vert kryssa av Riksveg 13, som går mellom Sandnes og Førde i Sunnfjord.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eide i Granvin