Hardangerbana
Utsjånad
Foto: Bjarne Henning Kvåle (2015)
Hardangerbana var ei 27,5 km lang elektrisk jarnbane som gjekk frå Voss stasjon på Bergensbanen til Eide ved Granvinsfjorden. Vedtaket om bygging vart fatta i Stortinget i 1919. Bana vart opna 30. mars 1935. Persontrafikken vart nedlagt 1. juni 1985, godstrafikken i 1989.
Bana var i drift i vel 50 år. Sporet frå Voss til Palmafoss godsterminal (3,39 km) vart teke vare på som eit sidespor til Bergensbanen. Store delar av den gamle bana er i dag i bruk som gang- og sykkelveg.
Linjekart
[endre | endre wikiteksten]

Foto:
Kurt Rasmussen

| Teiknforklaring | |||
| Bergensbanen frå Bergen | |||
| 385,32 km | Voss (1883) | 56,5 moh. | |
| til Myrdal stasjon | |||
| Vosso (87 m) | |||
| Haugamoen (1935) | |||
| 388,74 km | Palmafoss stasjon (1935) | ||
| sidespor til Voss sementvarefabrikk | |||
| Kinne (1935) | |||
| 392,26 km | Mønshaug (1935) | ||
| Bjørgum | |||
| Mala (1981) | |||
| 395,99 km | Dalsleitet (1935) | ||
| 397,14 km | Flatlandsmo (1935) | ||
| 400,27 km | Skjervet (1935) | ||
| Skjervet I (60 m) | |||
| Skjervet II (123 m) | |||
| Skjervet III (1101 m) | |||
| Skjervet IV (27 m) | |||
| 404,30 km | Såkvitno (1935) | ||
| 405,62 km | Nesheim (1935) | ||
| Selland (1935) | |||
| Kollanes (1935) | |||
| Granvinelva og 7 (34 m) | |||
| Hurpo (22 m) | |||
| Granvinelva (36 m) | |||
| 412,77 km | Granvin (1935) | ||
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Thor Bjerke og Finn Holom (2004). Banedata 2004. Hamar / Oslo: Norsk Jernbaneklubb / Norsk Jernbanemuseum. s. 183–185. ISBN 82-90286-28-7.
- Nils Carl Aspenberg (1994). Glemte spor: Boken om sidebanenes tragiske liv. Oslo: Baneforlaget. s. 250–256. ISBN 82-91448-00-0.
- Norsk Jernbaneklubb si stasjonsdatabase