Eikefjord kyrkje
Utsjånad
| Eikefjord kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Kinn | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sunnfjord | ||
| Sokn | Eikefjord | ||
| Fellesråd | Kinn | ||
| Type | Krosskyrkje | ||
| Teknikk | Tømra | ||
| Innvigd | 1812 | ||
| • Endringar | Ombygd til krosskyrkje i 1874 | ||
| Sitjeplassar | 350 | ||
![]() Eikefjord kyrkje 61°35′07″N 5°27′33″E / 61.5853°N 5.4593°E | |||
| Wikimedia Commons: Eikefjord kirke | |||
Eikefjord kyrkje står i bygda Eikefjord i Kinn kommune i Vestland, og er ei trekyrkje bygd i 1813.
Frå starten var ho ei langkyrkje med plass til 150–200 personar, men i 1874 vart ho ombygd til krosskyrkje, og no har ho sitjeplass til 350. Kyrkja er soknekyrkje i Eikefjord sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.
Dette er den fyrste kyrkja på staden. Frå byrjinga var kyrkja eit kapell under Svanøy-kyrkja (noverande Bru sokn), men i 1890 vart Eikefjord skild ut som eige sokn.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Djupedal, Torkjell. «Eikefjord kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Eikefjord sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» op nettstaden til Arkivverket
- Kart som viser soknegrenser og kyrkjestader i 1979 på nettstaden til Univeristetet i Bergen
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversikt over gravminne i Flora kommune på nettstaden disnorge.no
- Eikefjord kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Eikefjord kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
