Eikegrashoppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eikegrashoppe
Eikegrashoppe
Eikegrashoppe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Rettvengjer Orthoptera
Familie: Lauvgrashopper Tettigoniidae
Slekt: Meconema
Art: Eikegrashoppe M. thalassinum
Vitskapleg namn
Meconema thalassinum

Eikegrashoppe (Meconema thalassinum) er ei lita lysegrøn trampegrashoppe. Ho er den einaste reint trelevande grashoppearten i Noreg, og lever særleg på eik.

Eikegrashoppa lever av andre insekt. Hannane av arten har ei kroppslengt på 12–15 millimeter, hoene 11–15 millimeter.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst eikegrashoppa i kyststroka langs Austlandet og Sørlandet, frå Hvaler og Sarpsborg i aust til Kristiansand i vest. I Oslo finst ho i fleire parkar i byen. Elles finst eikegrashoppa over det meste av Europa, bortsett frå heilt i sør og heilt i nord. Ho finst austover til Kaukasus. Ho er òg innført i Nord-Amerika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • CC-BY-icon-80x15.png Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Meconema thalassinum skriven av Hallvard Elven ogg Lars Ove Hansen. Artikkelen vart utgjeven av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 4.0. Henta 27. desember 2017.
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.