Ein Gedi kibbutz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Gedi
landsby
Land  Israel
Region Judea
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°27′30.96″N 35°23′19.68″E / 31.4586000°N 35.3888000°E / 31.4586000; 35.3888000
Folketal 588 (2021)
Grunnlagd 1953
 - Grunnlagd av sionistiske ungdomsrørsler, Nahal
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Ein Gedi kibbutz
31°27′00″N 35°23′00″E / 31.45°N 35.383333333333°E / 31.45; 35.383333333333
Wikimedia Commons: Ein Gedi (kibbutz)

Ein Gedi (hebraisk skrift עֵין גֶּדִי, tyder 'Geitekjekjelda') er ein kibbutz på vestsida av Daudehavet i Israel. Han ligg langs utkanten av Judeaørkenen ved den historiske staden Ein Gedi, og er kommunesenter i Tamar regionale kommune. I 2011 hadde kibbutzen 213 medlemmar.[1]

Ein Gedi driv hovudsakleg med jordbruk og turisme. Kibbutzen driv òg ein 100 mål stor botanisk hage som husar over 900 planteartar frå heile verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Botanisk hage langs kysten av Daudehavet.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1953 av avgangselevar frå sionistiske ungdomsrørsler og medlemmar av Nahal.[2] Han ligg på Den grøne linja som skilde Israel frå det Jordan-heldte Vestbreidda, og låg fullstendig isolert i ørkenen. Den nærmaste israelske landsbyen var fleire timar unna langs ein grusveg. Etter seksdagarskrigen i 1967, då Israel erobra Vestbreidda frå Jordan, vart det asfaltert ein veg frå Jerusalem via Jeriko og langs kysten av Daudehavet. Dette enda i røynda isolasjonen til kibbutzen og opna døra for utviklinga ein har i dag. I dag bur det 650 innbyggjarar i Ein Gedi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]