Einar Osland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Einar Monsson Osland (17. desember 188616. februar 1955) var ein norsk pressemann og politikar frå Ikjefjord i Sogn. Han var aktiv i partiet Venstre, ordførar 1947-49 i Haugesund og stortingsrepresentant 1950-53 frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland.

Osland var son til ein lærar og utdanna seg ved Stord lærarskule. Etter eksamen i 1908 underviste han nokre år i skulen, mellom anna framhaldsskulelærar i Tune i Østfold. Frå 1913 til -15 var han journalist i Drammens Dagblad, deretter i fire år redaktør av Kristiansunds-avisa Romsdalsposten. Perioden 1919-21 arbeidde han i Norsk telegrambyrå. Etter ei kort tid som redaktør for avisa Oplandet på Hamar, tok han i 1921 over som redaktør av Haugesunds Avis, ein jobb han formelt hadde livet ut.

Osland var med i Haugesund bystyre 1925-40 og 1945-55. Perioden 1931-34 var han varaordførar, sodan sat han i formannskapet til 1940. Etter 1945 på ny i formannskapet til 1947, deretter ordførar 1947-49 og så atter i formannskapet til 1951. 1946-47 var han formann i skulestyret i byen.

Gjennom stortingsvalet hausten 1945 vart Osland vald til 1. vararepresentant til Stortinget frå dei fem kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland fylke; Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund, vald for Venstre. Stortingsvalet 1949 førte til at han fekk fast tingsete for same valkrinsen. Dei fire åra på Stortinget 1950-53 var han medlem i Militærkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]