Eirik Brandsdal
Eirik Brandsdal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. november 1986 (35 år) Oslo |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
Eirik Brandsdal (fødd 11. november 1986 i Oslo) er ein norsk langrennsløpar som har spesialisert seg innanfor sprint. Han blei fødd på Kjelsås i Oslo, der han også bur i dag. Erik har vore på det norske sprintlandslaget sidan 2010. I tillegg til landslaget går han for langrennsklubben Kjelsås IL, som han har vore ein del av sidan han var liten.
Verdscup og noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]
Eirik Brandsdal gjekk sin fyrste verdscuprenn den 17. mars 2007. Den 5. desember 2009 fekk Brandsdal sin fyrste pallplass i sprintrennet i Düsseldorf. Hans fyrst verdscupsiger kom den 23. januar 2011 i eit sprintrenn i Otepää i Estland. Ei veke etter sigeren vart han norsk meister i sprint fristil. Rennet gjekk i Steinkjer den 28. januar 2011.
Han har totalt fire verdscupsigrar frå fire forskjellige stader; Otepää, Milano, Drammen og Stockholm. Dei tre sistnemnde sigrane kom alle i 2012. Han har også ein andreplass og to tredjeplassar i verdscuprenn. Samanlagt vart han nummer tre og beste nordmann i sprintcupen 2012. I 2013 tok han bronsemedaljen i NM på ski på 50 km.
Verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]
Brandsdal deltok i Ski-VM 2011, 2013 og 2015. I den siste meiesterskapen tok han seg til finalen i sprintøvinga, men fall og kom i mål som sjette og sistemann.
I tillegg til idretten studerer han for å bli sivilingeniør innan energi og miljø.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Eirik Brandsdal, sprintgutta.no (henta 02.12.2013)
- Eirik Brandsdal, eirikbrandsdal.com (henta 02.12.2013)
- Denne artikkelen bygger på «Eirik Brandsdal» frå Wikipedia på bokmål, den 9. desember 2013.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Eirik Brandsdal» (engelsk). Olympedia. Henta 4. februar 2022.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |