Election Special

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Election Special
Studioalbum av Ry Cooder
Utgjeve 16. august 2012
Innspelt 2011–12
Studio
Sjanger
Lengd 38:31
Selskap
Produsent Ry Cooder
Ry Cooder-kronologi 
Pull Up Some Dust and Sit Down
(2011)
Election Special The Prodigal Son
(2018)


Election Special er det fjortande studioalbumet til den amerikanske musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 2012. Etter albumet Pull Up Some Dust and Sit Down i 2011, fortsette Cooder å skrive songar inspirerte av spesifikke hendingar. Han var ikkje nøgd med Republikanarane og dei økonomiske støttespelarane deira, og ønskte å skrive eit album som retta lyttarane mot det amerikanske presidentvalet i 2012, som han meinte kom til å vere kritisk for historia til landet. Election Special vart hovudsakleg spelt inn i Drive-By Studios i North Hollywood og produsert av Cooder.

Election Special består av amerikansk folkemusikk og bluesrock i form av protestsongar. Songane har livlege melodiar, enkel instrumentering og enkelt arrangement. Cooder spelte alle instrumenta sjølv, inkludert bass, gitar og mandolin, utanom trommer, som vart spelt av sonen Joachim. Det er eit djupt politisk album, som går vidare inn i dei samfunnspolitiske emna frå Pull Up Some Dust and Sit Down. Tekstane er enkle og satiriske. Cooder syner seg som ein liberal og populistisk person og var inspirert av eldre musikk som skillingsviser og countryblues.

Election Special kom ut på Perro Verde Records og Nonesuch Records den 16. august 2012, ei veke før det republikanske landsmøtet i 2012. Det fekk generelt god kritikk. Albumet nådde 164. plassen på Billboard 200-lista i USA, men kom langt høgare i andre land.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic77/100[2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[3]
The Daily Telegraph3.5/5 stars[4]
The Guardian4/5 stars[5]
The Independent4/5 stars[6]
The Irish Times4/5 stars[7]
MSN Music (Expert Witness)B+[8]
PopMatters9/10[9]
Q2/5 stars[10]
Rolling Stone4/5 stars[11]
USA Today2/4 stars[12]

Election Special fekk generelt godt kritikk. På Metacritic har albumet ein samla score på 77 av 100, basert på 17 ulike meldingar.[2]

I Rolling Stone kalla David Fricke albumet ei «kraftig partisansk perle med skiten plukking og svart humor ... protestmusikk levert med gåva til ein patriot – venleiken i dei amerikanske røtene og ekspertisen i spelinga til Ry Cooder - og langt minne.»[11] Thomas Jurek i AllMusic skreiv at albumet «tener to føremål: det eine er at det er den mest organiske plata han har gjeve ut på nesten to tiår; og, enno viktigare, ho gjenopprettar aktuell protestmusikk til ein ærleg stad i amerikansk kulturliv.»[3] Robert Christgau var mindre imponert og skreiv i MSN Music at protestsongar generelt er «vanskeleg å få til sjølv i augneblikket» og meinte at somme av songane på albumet «rett og slett ikkje skrur skruen til hardt nok». Han gav likevel Cooder «ekstra honnør for både å forkynne til dei omvendte og gjere sitt yttarste for å samle dei som trur dei er moralsk betre.»[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne og produserte av Ry Cooder, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Mutt Romney Blues»3:45
2.«Brother Is Gone»5:03
3.«The Wall Street Part of Town»3:43
4.«Guantanamo»3:29
5.«Cold Cold Feeling»5:26
6.«Going to Tampa»3:58
7.«Kool-Aid»4:10
8.«The 90 and the 9»5:16
9.«Take Your Hands Off It» (skriven av Joachim Cooder og Ry Cooder)3:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget.[13]

  • Joachim Cooder – komponist, trommer, fotografi
  • Ry Cooder – kunstnarisk leiar, bass, komponist, gitar, mandolin, produsent, vokal
  • Arnold McCuller – harmonivokal
Teknisk
  • Martin Pradler – lydteknikar, mastering, miksing
  • Al Quattrocchi – kunstnarisk leiar
  • Jeff Smith – kunstnarisk leiar
  • Tornado Design – design

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2012) Plassering
American Albums Chart[14] 164
Den australske albumlista[15] 49
Den belgiske albumlista (Flandern)[15] 41
Den belgiske albumlista (Vallonia)[15] 154
British Albums Chart[16] 41
Den nederlandske albumlista[15] 28
Den tyske albumlista[17] 38
Irish Albums Chart[18] 46
Norske VG-lista[15] 9
Scottish Albums Chart[19] 25
Den svenske albumlista[15] 24
Den sveitsiske albumlista[15] 44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Election Special». Any Decent Music. Henta 2. november 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Election Special Reviews, Ratings, Credits, and More». Metacritic. CBS Interactive. Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 26. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 Jurek, Thom. «Election Special - Ry Cooder». Allmusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 22. august 2012. 
  4. Chilton, Martin (27. august 2012). «Ry Cooder, Election Special: CD review». The Daily Telegraph (London). Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 26. september 2020. 
  5. Denselow, Robin (16. august 2012). «Ry Cooder: Election Special – review». The Guardian (London). section G2, p. 21. Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 22. august 2012. 
  6. Coleman, Nick (19. august 2012). «Album: Ry Cooder, Election Special (Nonesuch)». The Independent (London). Arkivert frå originalen 26. september 2020. Henta 26. september 2020. 
  7. Breen, Joe (17. august 2012). «Ry Cooder». The Irish Times. Henta 2. november 2016. 
  8. 8,0 8,1 Christgau, Robert (26. september 2020). «Ry Cooder/Serengeti». MSN Music. Arkivert frå originalen 26. august 2012. Henta 26. september 2020. 
  9. Schwager, Jeff (26. september 2020). «Ry Cooder: Election Special». PopMatters. Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 26. september 2020. 
  10. «Review: Election Special». Q (London) (314): 98. September 2012. 
  11. 11,0 11,1 Fricke, David (26. september 2020). «Election Special». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 26. september 2020. 
  12. Shriver, Jerry (26. september 2020). «Listen Up: Trey Songz, more». USA Today. Henta 2. november 2016. 
  13. Election Special (CD liner). Ry Cooder. New York: Nonesuch Records. 531159. 
  14. «Election Special - Ry Cooder». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 1. september 2012. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 15,6 «Ry Cooder - Election Special». Hung Medien. Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 26. september 2020. 
  16. «Ry Cooder». Official Charts Company. Henta 26. september 2020. 
  17. «Ry Cooder – Longplay-Chartverfolgung» (på tysk). musicline.de. PHONONET GmbH. Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 26. september 2020. 
  18. «Top 75 Artist Album, Week Ending 23. august 2012». GFK Chart-Track. Arkivert frå originalen 26. september 2020. 
  19. «Scottish Albums Top 40 - 1st September 2012». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 1. september 2012. Henta 1. september 2012.