Hopp til innhald

Ellen Auensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellen Auensen
StatsborgarskapNoreg
Fødd28. juni 1944 (82 år)
Oslo
Yrkeillustratør, frimerkekunstnar
«Skjønnheten og udyret?», Ellen Auensen sin karikatur av den norske statsministeren Gro Harlem Brundtland og den franske presidenten François Mitterrand teikna til ein propagandabrosjyre utgjeven av Europarørsla i samband med Folkerøystinga om EU 1994. Frå Riksarkivet.

Ellen Auensen (fødd 28. juni 1944) er ein norsk avisteiknar og illustratør.[1]

Auensen vart fødd i Oslo. Etter examen artium frå Oslo katedralskole i 1963, tok ho utdanning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo 1964–68.[2] Frå 1969 til 1978 var ho politisk teiknar i Morgenbladet, der ho leverte karikaturar og kommenterte politiske hendingar, ofte med tekster av redaktør Knut Bøckman. Desse vart utgjevne i tre samlingar 1973–75. Ho har òg hatt teikningar i Morgenavisen, Adresseavisen, Sandefjords Blad, Fredriksstad Blad, Universitas og Farmand.

I 1978 flytta Ellen Auensen til Sverige der ho byrja som teiknar for svensk fjernsyn, ved sida av oppdrag for Bonniers forlag. Ho vart innklaga til Radionämnden blant anna for sina karikeringer av Olof Palme, ifølgje ho sjølv fordi Sverige var meir uvant med denne kunstforma.[3]

Sidan 1990 har Auensen budd i Oslo, og illustrert bøker.[2] Ho har teikna fleire norske frimerke: NK1339 og NK1340 (barneleiker, 1998) og NK1376 og NK1377 (julefrimerke, 1999). Verka hennar er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet og Norsk Kulturråd.[4]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1973: Narvesenprisen

Samlingar av daglege teikningar i Morgenbladet

[endre | endre wikiteksten]
  • Auensen, Ellen (1944-). Ellen 72: Se Norges blomsterdal. [Oslo]: Dreyer. ISBN 8209010603.{{cite book}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  • Auensen, Ellen (1944-). Ellen 73: Mot den evige sne. [Oslo]: (Dreyer). ISBN 8209011200.{{cite book}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  • Auensen, Ellen (1944-). Ellen 75: I hine hårde dage. [Oslo]: [I kommisjon hos Dreyer]. ISBN 8209013416.{{cite book}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)

Illustrerte bøker

[endre | endre wikiteksten]
  1. Ellen Auensen i Norsk kunstnerleksikon.
  2. 1 2 Tore Dyrhaug (26. juni 2014). «Sommergjesten som ble». Øyene.
  3. Håkon Gundersen (27. juni 2014). «Tusj mot tiden». Morgenbladet.
  4. Kalleklev, Katrine (2017-03-28). «Ellen Auensen». Store norske leksikon (på norsk).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]