Emma Green

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emma Green

Emma Green Doha 2010.jpg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 8. desember 1984
Göteborg
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Emma Anna-Maria Green (fødd 8. desember 1984) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Göteborg som vann VM-bronse 2005, EM-sølv 2010 og EM-bronse 2012 i spesialøvinga høgdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Green overraska med å vinne bronsemedaljen i VM i friidrett 2005, der ho sette personleg rekord med 1,96 meter. Knappe to veker seinare forbetra ho seg til 1,97 m då ho vart svensk meister i Helsingborg, ein meisterskap der ho også vann lengdehopp på personleg rekord 6,41 meter. Sidan vann ho SM-gull i høgdehopp fem gongar i rad, 2007-11, og i 2013 og -14.

Green kom på sjuandeplass både under friidretts-VM 2007 og 2009. I EM i friidrett 2010 i Barcelona den 1. august overraska ho med å setje personleg rekord to gongar, fyrst med 1,99 m i tredje omgang, for så å ta seg over 2,01 meter i sitt andre forsøk på høgda. Rekordhoppet gav henne sølvmedaljen framom tyske Ariane Friedrich, vinnar vart Blanka Vlašić frå Kroatia som svinga seg over 2,03 meter.

I 2012 kom Green på ein tredelt bronseplass ved europameisterskapen i Helsinki med moderate 1,92 m. Ein tredjeplass fekk ho også i innandørs-EM i heimbyen Göteborg i mars 2013. Under Friidretts-VM 1997 i Moskva hoppa Green 1,97 meter og vart nummer fem, hennar nest beste plassering i ein verdsmeisterskap.

Green var elles ein dyktig sprintar med bestetider frå 2006-sesongen på høvesvis 11,58 sekundar på 100 meter og 23,02 på 200 meter. Ho var òg innom tresteghopp, ei øving der ho nådde 13,39 meter i 2007.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]