Nidaros erkebispedøme
- For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme.
Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet.
Utbreiing og jurisdiksjon
[endre | endre wikiteksten]
Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar:
- Bjørgvin bispedøme
- Oslo bispedøme
- Hamar bispedøme
- Stavanger bispedøme
- Kirkjubø katolske bispedøme på Færøyane
- Kirkjuvåg katolske bispedøme på Orknøyane
- Peel katolske bispedøme på Man
- Skålholt katolske bispedøme på Sør-Island
- Holar katolske bispedøme på Nord-Island
- Gardar katolske bispedøme på Grønland
Overhyrdar
[endre | endre wikiteksten]Lydbiskopar
[endre | endre wikiteksten]Lydbiskopane var knytt til kongen, og ikkje til eit bispedøme, men vart rekna som forløparar for dei eigentlege biskopane av Nidaros.
Biskopar
[endre | endre wikiteksten]| År | Biskop | Anna |
| ? | Grimkjell | Olav den heilage sin hirdbiskop |
| ? | Sigurd munk | |
Biskopar
[endre | endre wikiteksten]| År | Biskop | Anna |
| ? | Adalbrikt | Innsett av Olav Kyrre |
| ? | Simon | Levde i 1139 |
| ? | Ivar Kalfsson | |
| ?–1151 | Reidar | Truleg utnemnd til erkebiskop i Roma, døydde på heimvegen |
Erkebiskopar
[endre | endre wikiteksten]| År | Biskop | Anna |
| 1153–1157 | Jon Birgisson | |
| 1158/59–1188 | Eystein Erlendsson | Rekna som helgen etter at han døydde |
| 1188–1205 | Eirik Ivarsson | |
| 1206–1214 | Tore I | |
| 1215–1224 | Guttorm | |
| 1225–1226 | Peter av Husastad | |
| 1227–1230 | Tore II «den trøndske» | |
| 1231–1252 | Sigurd Eindridesson | |
| 1253–1254 | Sørle | |
| 1255–1263 | Einar | |
| 1265–1267 | Håkon | |
| 1267–1282 | Jon Raude | |
| 1287–1309 | Jørund | Noregs siste jarl |
| 1309–1331 | Eiliv | |
| 1333–1346 | Pål | |
| 1346–1349 | Arne | |
| 1350–1370 | Olav | |
| 1371–1381 | Trond | |
| 1382–1386 | Nicolaus Rusare | |
| 1387–1402 | Vinald | |
| 1402–1428 | Eskill | |
| 1428–1450 | Aslak Bolt | |
| 1452–1458 | Henrik Kalteisen | |
| 1458–1474 | Olav Trondsson | |
| 1475–1510 | Gaute | |
| 1510–1522 | Erik Valkendorf | |
| 1523–1537 | Olav Engelbrektsson | |