Noregsveldet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Noregsveldet er ei nemning på det landområdet kongen av Noreg rådde over då riket var på det største i høgmellomalderen. Delane utanom Noreg kunne verta kalla skattland. Noregsveldet var eit nokså laust samband mellom heimlandet og dei områda der folk frå Noreg hadde slege seg ned i løpet av vikingtida. Det som batt veldet saman var skipsfart og handel. Veldet er rekna for å ha vore på sitt største og sterkaste på slutten av kong Håkon IV Håkonsson si regjeringstid. Etter kvart overtok hanseatane mykje av norsk utanrikshandel, og sambandet med skattlanda i vest minka. Etter Svartedauden i 1349 vart sambandet minska endå meir, og Noreg kom inn i den danskdominerte Kalmarunionen i 1397. Noregsveldet hadde erkebiskopen av Nidaros som kyrkjeleg overherre innan den katolske kyrkja. Då erkebiskop Olav Engelbrektsson reiste frå landet i samband med reformasjonen i 1537, vart Noreg ein del av Danmark-Noreg.

Noregsveldet[endre | endre wikiteksten]

Det danske synet er at Færøyane, Island og Grønland i 1397 vart førde inn i Kalmarunionen og dermed lagt inn under Danmark.

Stordomstida[endre | endre wikiteksten]

I stordomstida hadde Noreg ei større utstrekning enn nokon sinne. Riket strekte seg helt opp til Vardø, og gjekk så langt sør som Kungälv, i dagens Sverige. Til det norske riket høyrte til på den tida Jemtland og Båhuslen og øyrika Island, Shetland, Orknøyane, Hebridane, Man og Grønland.

Folketalet auka, og folk flest naut landefreden etter hundre års borgarkrig. Kongen styrte i samverke med stormenn, kyrkja og bønder. Ein stat voks fram, og knytte seg fastare til Europa. Bøker blei skrivne, musikk komponert og kyrkjer blei utsmykka. Det var på denne tida den islandske stormannen Snorre Sturlason skreiv ned forteljingane om dei norske kongane. Utsendingar, adelsmenn, kjøpmenn og handverkarar frå mange land vitja Noreg.

Som 13-åring blei Håkon IV Håkonsson i 1217 hylla som konge på Gulating, men fullstendig konge blei han ikkje før i 1240 då han sigra over Hertug Skule. Kongemakta blei no sterkare enn det den nokon gong hadde vore her i landet. Håkon gjorde slutt på all manndrap, og Noreg blei eit land der retten herska, og det einaste landet i 1200-tallets Europa der alle innbyggarane var like for lova og laud under ei lov som var for heile riket.

Det var mykje om å gjere for kongane å demonstrere sin rikdom og makt. Håkon Håkonsson og hans etterkommarar reiste derfor steinborger og kyrkjer, gildehallar og kongsgardar. Men det var folk flest gjennom tunge skattebyrder som skaffa overskotet som gjekk med til å reise desse byggverka. Den dag i dag står det mange byggverk som vitnar om praktutfolding og om den sterke innflytinga frå europeisk kultur som den gongen strøymde over Noreg.

Over heile Noreg skaut det opp vakre bygningar av tre. Meir enn 750 stavkyrkjer reiste seg mellom slutten av 1100-talet og 1300-talet. Dei 28 som er tekne vare på, er nokre av verdas eldste bevarte trekyrkjer. I samband med kyrkjebygginga utfolda det seg ei rik treskjerarkunst, noko vi igjen kan sjå på krusifiks og anna kyrkjeutstyr som er blitt bevart. Andre byggverk som blei oppførte i stordomstida er til dømes Nidarosdomen, Håkonshallen og Akershus festning.

Magnus VI Håkonsson Lagabøte blei i 1263 krona til konge i Noreg. Tyngdepunktet i landet var på denne tida i ferd med å flytte seg frå Vestlandet til Austlandet. Folketalet voks raskare på Austlandet, og de største skatteinntektene blei samla inn her. I åra kring 1270 utarbeidde han ei felles lovbok, Landslova. Formålet med lovgivinga var å skape eit rettsfellesskap for heile riket, med utvisking av gamle, regionale rettsskilnader.

Håkon V Magnusson vart konge då den eldre broren hans, Eirik II døydde. Oslo blei no sete for kongens kanselli og tok dermed over som rikshovudstad etter Bergen. Etter at Håkon V Magnusson døydde, gjekk Noreg inn i union med Sverige. For Noreg vart det ei nedgangstid, og det gjekk frå vondt til verre: I 1349 følgde Svartedauden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]