Espen Bjervig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Espen Bjervig
Fødd 30. juni 1972
Noreg
Yrke langrennsløpar

Espen Bjervig (fødd 30. juni 1972) er ein tidlegare norsk langrennsløpar, som tevla på norsk toppnivå i perioden 1995-2004. Han var med på det norske stafettlaget som vann sølv på 4x10 km stafett under VM 1999 i Ramsau i Austerrike.

Bjervig debuterte i verdscupen på femmila i Holmenkollen i 1995. I dei få tevlingane han deltok i fram til 1998-sesongen hamna han alltid langt nede på resultatlista. Sesongen 1998/99 var han i sitt livs form, og vann sin einaste siger i verdenscupen då han gjekk til topps på 15 km klassisk i januar 1999 i Otepää i Estland. Bjervig deltok same sesongen i sitt einaste internasjonale meisterskap, VM 1999. Han gjekk då fyrsteetappen på det norske stafettlaget som tok sølv etter å ha tapt innspurten mot Austerrike. Hans beste individuelle resultat i meisterskapet var ein åttandeplass på 10 km klassisk.

I verdscupen stod Bjervig på pallen fem gongar; 1-3-1. Alle pallplasseringane kom i 1999 og i 2000-sesongane. Desse to sesongane høyrde han med i verdseliten i langrenn.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: Sølvmedalje på VM-stafetten i Ramsau. Siger på 15 km i verdscupen i Otepää
  • 1999/2000: Nr 2 på 30 km i verdscupen i Davos
  • 2000/1: Nr 11 på 15 km på Beitostølen
  • 2001/2: Nr 6 på 10 km i Cogne

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

¨ Bjervig er i dag tilsett i 'Ski-VM Oslo 2011'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar