Grunna sterk kulde vart det programmerte 10000-meterløpet omgjort til eit løp over 3000 meter.
Kees Verkerk frå Nederland vart europameister framom tre løparar som representerte Sovjetunionen. Kees Verkerk vann både 5000 meter, 1500 m og den avsluttande 3000-meteren. Andremann i meisterskapen, Valerij Kaplan, gjekk fortast av alle på 500 m.