Jonny Nilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonny Nilsson
Jonny Nilsson.jpg
Fødd 9. februar 1943
Filipstads kommun
Yrke skøyteløpar
Jonny Nilsson på Commons

Jonny Nilsson (fødd 9. februar 1943) er ein svensk tidlegare skeiseløpar frå Filipstad i Värmland. Han vart verdsmeister 1963 og vann gullmedaljen på 10 000 m under Vinter-OL 1964.

Nilsson overraska dei norske favorittane og vann meistertittelen då skeise-VM 1963 fann stad i japanske Karuizawa. Gjennom meisterskapen sette han verdensrekord både på 5 000 meter, 10 000 meter og i firkamp. Særleg imponerte milløpet på 15.33,0, ei rekordforbetreing på over 13 sekundar målt mot Knut Johannesen sin gamle rekord frå Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. Seinare i 1963 sette Nilsson også verdsrekord på 3 000 m. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1963.

Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck var Nilsson ein av dei største gullfavorittane på langdistansane. Han vart berre nummer seks på 5 000 m, men sigra så klart på 10 000 meter framom nordmannen Fred Anton Maier. Ved skeise-VM 1965 forbetra Nilsson sin eigen verdsrekord på 5 000 m med 1,1 sekund til 7.33,2, samanlagt enda han på fjerdeplassen.

Nilsson vart tredjemann då skeise-VM 1966 vart avvikla på Nya Ullevi i heimlege Göteborg, einast nederlendarane Kees Verkerk og Ard Schenk vart for sterke.

Etter OL-sesongen 1968 var over, la Nilsson opp som aktiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Jonny Nilsson – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.