Expletive Delighted!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Expletive Delighted!
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt Februar, april & mai 1986 i Woodworm Studios i Barford St. Michael i Oxfordshire
Sjanger Folkrock
Lengd 35:53
Selskap Woodworm WR007
Produsent Fairport Convention
Kritikk
Fairport Convention-kronologi
Gladys' Leap
(1985)
Expletive Delighted! House Full
(1986)


Expletive Delighted! er eit album av folkrockbandet Fairport Convention. Det er det einaste albumet deira som berre består av instrumentalmusikk, trass i at det på omslaget står «teksthefte vedlagt».[1]

Ric Sanders, som hadde spelt på somme spor på det førre albumet, Gladys' Leap, vart invitert med i Fairport som fulltidsmedlem, og det same vart Maartin Allcock. Resultatet vart i følgje Dave Pegg, «Rick og Maart skreiv begge ting, og komponerte desse flotte instrumentale stykka. Eg tenkte at me burde gjere noko med ein gong, fange augneblikket. Så vi gav ut eit heilt instrumentalt album, Expletive Delighted. Eg ønskte verkeleg å vise alle kva desse nye karane kunne gjere, kor flinke dei var til å spele ... besetninga tydde at me kunne turnere att, og det gjorde at me hadde nye songar for Cropredy, og det gjorde at det var eit Fairport igjen. Så frå 1986 og framover, var ikkje Cropredy berre ein gjenforeiningsfestival lenger. Vi hadde eit band.»[2]}} Denne nye besetninga varte i elleve år, den mest stabile av alle samansetningane av Fairport fram til då.[3]

Kritikaren i Allmusic skildra Expletive Delighted! som «stundom hyggeleg og stundom særs irriterande», og kritiserte at trommene til Dave Mattacks var altfor tydelege i miksen, medan «Portmeirion» og tittelsporet vart skildra som «like delikate og vakre som noko denne versjonen av bandet har gjort».[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Rutland Reel/Sack The Juggler»   Ric Sanders 03:20
2. «The Cat On The Mixer/Three Left Feet»   Maartin Allcock 03:37
3. «Bankruptured» (Omarbeiding av ein song frå Tipplers Tales i 1978) Dave Pegg 03:04
4. «Portmeirion»   Ric Sanders 05:21
5. «Jams O'Donnell's Jig»   Dave Pegg 02:48
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «Expletive Delighted»   Ric Sanders 01:55
7. «Sigh Beg Sigh Mor»   O' Carolan 07:18
8. «Innstuck»   Maartin Allcock 02:08
9. «The Gas Almost Works»   John Kirkpatrick 01:58
10. «Hanks For The Memory» («Shazam», «Pipeline», «Apache» og «Peter Gunn») forskjellige, arr. Jerry Donahue 04:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]