Fairport's Cropredy Convention

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fairport's Cropredy Convention (tidlegare Cropredy Festival) er ein årleg festival for folkemusikk og rockemusikk i utkanten av landsbyen Cropredy i Oxfordshire i England. Han har funne stad sidan august 1976.

Fairport's Cropredy Convention har eit publikum på om lag 20 000 kvar år, og er den største årlege festivalen av sitt slag i Storbritannia. Festivalen har ein enkel scene i botn av ein slak bakke.

Festivalen byrja som små private konsertar for dei lokale innbyggjarane av folkrockbandet Fairport Convention i juli 1976. Festivalen vart viktig i historia til bandet, då dei heldt farvellkonserten sin her i 1979 for kring 4500 folk. Bandet lovde å kome attende kvart år, og frå den tid har festivalen vorte nytta for årlege gjenforeiningskonsertar med bandet, der både nye og gamle bandmedlemmer deltar på scenen.[1]

I 1990-åra vart festivalen utvida til to dagar, og frå 2000 har det vore tre dagar. Festivalen finn som regel stad den andre veka i august. Det er framleis medlemmar av Fairport som orgeliserer konserten, og bandet sjølv held avslutningskonserten, som vanlegvis varer over tre timar.

Av mange kjende artistar som har spelt på festivalen finn ein mellom andre Robert Plant (frå Led Zeppelin), Lonnie Donegan, Procol Harum, Steeleye Span, Eliza Carthy, Yusuf Islam og Oysterband.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. F. Redwood and M. Woodward, The Woodworm Era, the Story of Today’s Fairport Convention (Jeneva, Thatcham Berks, 1995), s. 76. ISBN 0-9525860-0-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]