Rosie av Fairport Convention

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosie
Studioalbum av Fairport Convention
Utgjeve Februar 1973
Innspelt Juli–august 1972 (utanom spor 3 og 5: 1971)
Studio Sound Techniques i London
Sjanger Folkrock
Lengd 36 min
Selskap Island
Produsent Trevor Lucas
Fairport Convention-kronologi
Babbacombe Lee
(1971)
Rosie Nine
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Rosie er det åttande studioalbumet til folkrockgruppa Fairport Convention, gjeven ut i 1973.

Albumet var det første av to album med den australske gitaristen Trevor Lucas og den amerikanske sologitaristen Jerry Donahue. Begge hadde tidlegare spelt i lag med tidlegare Fairport-medlem Sandy Denny, som Lucas var gift med, i det kortliva Fotheringay. No hadde dei erstatta Simon Nicol, som hadde slutta i Fairport for å spele med eit anna tidlegare bandmedlem, Ashley Hutchings, i The Albion Band. Dermed var bandet utan originale medlemmar fram til Nicol kom attende til bandet i 1976.

Trommeslagar Dave Mattacks vart òg med i the Albion Band ei stund, men kom attende til bandet under innspelinga av Rosie. Han speler berre på fire av ti spor. På dei andre spelte Tim Donald og Gerry Conway trommer. Som Donahue og Lucas hadde òg Conway tidlegare spelt i Fotheringay, og vart sjølv medlem av Fairport i 1999 og er framleis med i dag.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Rosie»  Dave Swarbrick 3:38
2. «Matthew, Mark, Luke & John»  Dave Pegg, Dave Swarbrick 3:55
3. «Knights Of The Road»  Trevor Lucas, Peter Roche 3:54
4. «Peggy's Pub»  Dave Pegg 2:25
5. «The Plainsman»  Tekst av Peter Roche, musikk trad. arr. Trevor Lucas 3:19
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Hungarian Rhapsody»  Dave Pegg 3:13
7. «My Girl»  Dave Swarbrick 5:13
8. «Me With You»  Dave Swarbrick 3:38
9. «The Hen's March Through The Midden»  trad. arr. Fairport Convention 2:49
10. «Furs and Feathers»  Dave Swarbrick 4:33
Bonusspor på 2004-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
11. «Matthew, Mark, Luke & John»  Pegg/Swarbrick/Mattacks/Thompson/Nicol 5:24
12. «The Hens March Through The Midden & The Four Poster Bed»  trad. arr. Fairport 2:41
13. «Rosie» (alternativ miks)  3:56
14. «The Claw»  Jerry Reed 1:59
15. «Furs And Feathers»  Swarbrick 4:54

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fairport Convention[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Thompson: elektrisk og 12-strengsgitars («Rosie»)
  • Sandy Denny: korvokal («Rosie»)
  • Linda Peters: korvokal («Rosie»)
  • Gerry Conway: trommer («Rosie», «Knights of the Road», «The Plainsman»)
  • Tim Donald: trommer («Matthew, Mark, Luke & John», «Hungarian Rhapsody», «My Girl»)
  • Ralph McTell: akustisk gitar («Me With You»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011). «Rosie - Fairport Convention | AllMusic». allmusic.com. Henta 27. mars 2019.