Full House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Full House
Studioalbum av Fairport Convention
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1970
Innspelt Februar – april 1970
Studio Sound Techniques Studio, London
Sjanger Folkrock
Lengd 35:08
Selskap
  • Island ILPS 9130 (Storbritannia)
  • A&M SP 4265 (USA)
Produsent Joe Boyd
Fairport Convention-kronologi 
Liege & Lief
(1969)
Full House Angel Delight
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Full House er det femte albumet til folkrockgruppa Fairport Convention og det første albumet deira utan ein kvinneleg vokalist, etter at Sandy Denny hadde forlate dei for å danne Fotheringay. Albumet kom ut i 1970. Ashley Hutchings, som hadde vore med frå starten, forlet òg bandet for å starte Steeleye Span, og Dave Pegg kom inn på bass. Richard Thompson forlet òg bandet kort tid etter albumet kom ut for å starte sin eigen solokarriere.[2]

Som på det førre albumet, Liege & Lief, gjorde dei nye versjonar av tradisjonelle folkeviser. Mange av dei vart slått saman i medleyar, som «Dirty Linen» og «Flatback Caper». På albumet finn ein òg den ni minuttar lange «Sloth», som har vorte spelt på konsertane til bandet i årevis, og som er skildra som «uforgløymeleg, stemningsskapande og blendande».[2]

Allmusic har skildra albumet som «faktisk meir spennande enn forgjengaren, Liege and Lief, sjølv om det ikkje var like viktig»[2] og Full House gjekk inn på den britiske albumlista den 18. juli 1970, og vart liggande 11 veker med ein 13. plass som beste plassering.[3] Kritikaren til Rolling Stone var òg entusiastisk og skildra albumet som «... det engelske svaret på The Band ... dei har teke til seg så mykje av folkemusikktradisjonen at det byrjar å syne overalt, medan dei samstundes har røtene sine i rocken».[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Den originale utgåva av Full House skulle opphavleg bestå av desse songane:

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Walk Awhile» (basert på den tradisjonelle «Bonaparte's Retreat»)Richard Thompson, Dave Swarbrick03:57
2.«Doctor of Physick»Richard Thompson, Dave Swarbrick03:37
3.«Dirty Linen» (medley av «Last Night's Fun», «The Merry Blacksmith», «Drops Of Brandy» og «Poll Ha'penny»[5])Trad. Arr. Dave Swarbrick04:17
4.«Sloth»Richard Thompson, Dave Swarbrick09:19
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Sir Patrick Spens»Trad. Arr. Fairport Convention03:30
6.«Flatback Caper» (medley av «Miss Susan Cooper» av Ronald Cooper, «The Friar's Britches», «The Sport Of The Chase», og «Carolan's Concerto» [6])Ronald Cooper, Trad. Arr. Fairport Convention, O'Carolan06:24
7.«Poor Will And The Jolly Hangman»Richard Thompson, Dave Swarbrick04:19
8.«Flowers of the Forest»Trad. Arr. Fairport Convention04:04

Det vart gjort testtrykk med denne rekkefølgja, men før albumet kom ut offisielt, kravde Richard Thompson at «Poor Will And The Jolly Hangman» skulle fjernast. Dette vart gjort så seint at dei første plateomslaga alt hadde vorte trykte med den opphavlege sporlista. Dei måtte trykke ein svart boks å kliste over den originale lista.[7]

Den faktiske utgåva[endre | endre wikiteksten]

Rekkefølgja på den originale utgåva var[8]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Walk Awhile»3:57
2.«Dirty Linen»4:17
3.«Sloth»9:19
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Sir Patrick Spens»3:30
5.«Flatback Caper»6:24
6.«Doctor of Physick»3:37
7.«Flowers of the Forest»4:04

2001-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 2001 gav Island Records ut ei utvida utgåve av Full House som følgde den orignale sporlista og med fire bonusspor i tillegg:

«Now Be Thankful» og «Sir B. McKenzie’s...» vart opphavleg gjevne ut som singel i 1970. Begge songane vart spelte inn 22. juli 1970 i Sound Techniques, London.

Fairport Convention si studioinnspeling av «Sir B. McKenzie's..» bestod av «Biff, Bang, Crash» (Trad.), «The Kilfenora» (Trad.) og «Boston Tea Party» (Dave Swarbrick). Då singelen kom ut spelte bandet medleyen som «Bonny Kate» (Trad.), «The Kilfenora», «Boston Tea Party» og «Biff, Bang, Crash». I løpet av få år bestod «Sir B. McKenzie's...» av medleyen med «Tail Toddle»" (Trad.) til slutt. Mot slutten av 1970-åra var òg den tradisjonelle «Up The Chimney» òg lagt til.

Tittelen «Sir B. McKenzie’s Daughter’s Lament For the 77th Mounted Lancer's Retreat From The Straits Of Loch Knombe, In The Year Of Our Lord 1727, On The Occasion Of The Announcement Of Her Marriage To The Laird Of Kinleakie» var bandet sitt forsøk på å kome inn i Guinness Rekordbok for lengste songtittel.

«Bonny Bunch Of Roses» vart spelt inn ein månad etter Full House i Gold Star Studios i Los Angeles, og vart miksa først 18 år seinare for utgjevinga av Fairport Convention-samlinga Meet On The Ledge: The Classic Years (1967–1975), på A&M Records i 1999.

Stereomiksen av «Now Be Thankful» (ein heilt annan miks enn den som finst på Richard Thompson sitt Watching The Dark) vart gjort av Lee Hamblin og Frank Kornelussen og tidlegare gjeven ut på Island Life, 25 Years Of Island Records i 1988.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, B. (2011). «Full House – Fairport Convention | AllMusic». allmusic.com. Henta 27. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Full House». Henta 26. januar 2011. 
  3. Den britiske salslista
  4. «Fairport Convention: Full House». 12. november 1970. Arkivert frå originalen 26. juli 2008. Henta 26. juni 2011. 
  5. «Expletive Delighted fansite». Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 27. januar 2011. 
  6. «Expletive Delighted fansite». Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 26. januar 2011. 
  7. «Full House». Henta 27. januar 2011. 
  8. «Full House». Arkivert frå originalen 9. juni 2011. Henta 27. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]