Fødselskyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fødselskyrkja
kyrkje
Kart
Fødselskyrkja
31°42′16″N 35°12′27″E / 31.704305555556°N 35.207583333333°E / 31.704305555556; 35.207583333333
Wikimedia Commons: Church of the Nativity (Bethlehem)

Fødselskyrkja i Betlehem er ei av dei eldste kyrkjene i verda som framleis er i bruk. Kyrkja blei bygd på 300-talet av keisar Konstantin den store over den grotta som etter tradisjonen er peikt ut som fødestaden til som Jesus. Evangelia i Det nye testamentet omtaler ikkje ei grotte som fødestad, men det blir nemnt at barnet blei lagt i ei krybbe, noko som hinter om at det skjedde i ein stall. I området på den tida var det vanleg å bruka grotter som stallplass for husdyr. Allereie innan eitt hundreår hevda Justin martyren og Protoevangeliet etter Jakob at Jesus blei fødd i ei grotte.

Staden blir rekna som heilag av kristne såvel som av muslimar, og er regulert av status quo-reglane frå osmansk tid. 29. juni 2012 blei ho utnemnd som verdsarvstad, som den fyrste i dei palestinske områda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hovudinngangen til kyrkja
Interiør
Jesu fødestad

Både Justin Martyr (100–165) og Origenes (185–254) fortel om grotta som Jesus vart fødd i. Den fyrste kyrkja på staden blei bygd av heilage Helena, mora til keisar Konstantin den store. Bygginga byrja under overoppsyn av biskop Makarios av Jerusalem i 327 og blei fullført i 333. Denne bygningen blei øydelagd i 529. Den noverande basilikaen blei gjenoppbygd i 565 av keisar Justinian I den store. Då persarane under Khosrau II av Persia invaderte området i 614, lét dei vera å øydelegga kyrkja, truleg fordi hærføraren deira, general Shahrbaraz av Persia, blei rørt av å sjå eit bilde av dei tre vise menn i persiske klede.

Krossfararane reparerte og utvida kyrkja då byen blei styrt av Kongeriket Jerusalem, og den fyrste kongen deira blei krona her. Med åra har arealet til kyrkja blitt utvida og i dag dekker det tolv mål. Kyrkja blir administrert av den romersk-katolske kyrkje, den gresk-ortodokse kyrkja og den armenske apostoliske kyrkja i fellesskap. Alle desse samfunna har kloster på staden.

Kyrkjebygningen[endre | endre wikiteksten]

Bygningen er eigentleg to kyrkjer som er samanføydde. Under dei er det ein krypt.

Hovudbasilikaen, Fødselskyrkja, blir driven av den greskortodokse patriarken av Jerusalem og heile Palestina. Han er bygd som ein tradisjonell basilika med ein apside i den austlege enden. Veggane er dekte av gullmosaikk, men mosaikken er no i forfall. Også golvet hadde mosaikk i romersk stil, men denne er no skjult av eit golv oppå det andre og ein kan berre sjå ein del av det gjennom ei luke.

Kyrkja har òg ein forgylla ikonostas. Blyet som kong Edvard IV av England gav til taket til kyrkja blei sidan tatt av osmanarane og smelta om for å brukast i krig mot Venezia. På sidene av koret fører svingtrapper ned til fødselsgrotta.

Ved sida av ligg Katharinakyrkja, den romersk-katolske kyrkja, som er bygd i ein meir moderne nygotisk stil. Ho er sidan blitt tilpassa dei meir moderne trendane som kom med det andre vatikankonsilet. Det er i denne kyrkja Den latinske patriarken av Jerusalem feirar midnattsmesse på julaftan.

Truga verdsarvstad[endre | endre wikiteksten]

I 2008 plasserte World Monuments Fund kyrkja på lista si over dei 100 verdarsstadene som er mest truga. Grunngjevinga seier:

Kirkens nåværende tilstand er foruroligende. Mye av taktømmeret er råtnende, og har ikke blitt erstattet siden 1800-tallet. Regnvann som siver inn i bygningen ikke bare øker forvitring av treverket og ødelegger bygningens strukturelle integritet, men ødelegger også mosaikk og malerier på veggene. Innstrømningen av vann betyr også at det er en stadig fare for elektrisk brann. Om ytterligere et jordskjelv oppstår med samme kraft som det i 1834, vil resultatet være katastrofalt. (...) Det er håp om at listingen vil oppmuntre til bevarelse, inkludert å få de tre vergene av kirkene – den gresk-ortodokse kirken, den armensk-ortodokse kirken og fransiskanerordenen – til å samarbeide, noe som ikke har skjedd på hundrevis av år. Den israelske regjering og de palestinske myndighetene må også samarbeide for å beskytte den.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Church Of The Holy Nativity | World Monuments Fund». Wmf.org. Oversatt av Wikipedia for anledningen
  2. Kumar, Anugrah (28. november 2011): «Bethlehem's Nativity Church to Get Overdue Repairs». The Christian Post.