Fireships

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fireships av Peter Hammill)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fireships
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve Mars 1992
Innspelt November 1990-august 1991
Sjanger Kunstrock
Lengd 52:11
Selskap Fie!
Produsent Peter Hammill, David Lord
Peter Hammill-kronologi
The Fall of the House of Usher
(1991)
Fireships The Noise
(1993)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]

Fireships er det 20. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, utgjeve i 1992 som den første utgjevinga på Hammill sitt eige selskap, Fie! Records. Albumet vart ommastra i 2006.

På plateomslaget står det at albumet er «Nummer 1 i BeCalm-serien», og at songane generelt er i den rolegare og meir introspektive enden av skalaen av musikken til Hammill. Det neste albumet til Hammill, det meir rocka The Noise (1993), vart på liknande vis kalla «Nummer 1 i A Loud-serien». Hammill valde å setje rolege og høglydte songar han nyleg hadde skrive på kvar sine album.

Kring samstundes planla Virgin Records, som eigde katalogen til Hammill på Charisma Records, å gje ut eit samlealbum med tidlegare songar. Då han forklarte konseptet om dei to seriane til dei, valde dei å gje ut to samlealbum på liknande vis - The Calm (After the Storm) (med rolegare songar) og The Storm (Before the Calm) (med meir aggressive materiale).

Opphavleg hadde Hammill planlagd å halde fram å skilje dei rolege og meir høglydte songane sine på følgjande album, men den planen vart snart skrinlagd.

To av spora på albumet, «I Will Find You» og «Curtains», har blitt mykje spelte på konsertane til Hammill.

Då albumet kom ut gav Hammill ut eit avgrensa opplavg på 500 nummererte trykk av plateomslaget, signert av han sjølv og kunstnaren, Paul Ridout.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«I Will Find You»4:43
2.«Curtains»5:43
3.«His Best Girl»5:00
4.«Oasis»5:37
5.«Incomplete Surrender»6:38
6.«Fireships»7:21
7.«Given Time»6:32
8.«Reprise» (Hammill, David Lord)4:18
9.«Gaia»5:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • David Lord - lydteknikar, miksing (Crescent Studios i Bath)
  • Paul Ridout - kunst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Parisien, Roch. FireshipsAllmusic