None of the Above av Peter Hammill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
None of the Above
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve April 2000
Innspelt Januar 1999 til februar 2000
Sjanger Kunstrock
Lengd 44:32
Selskap Fie!
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
This
(1998)
None of the Above What, Now?
(2001)


None of the Above er det 27. studioalbumet til Peter Hammill, gjeve ut på Fie! i 2000.

Produksjon og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Hammill spelte inn None of the Above i heimestudioet sitt, Terra Incognita, mellom januar 1999 og februar 2000, og spelte, produserte og arrangerte nesten alle instrumenta og song alle songane sjølv. Stuart Gordon (fiolin, bratsj) spelte på tre spor og Manny Elias (trommer, perkusjon) på eitt spor. Døtrene til Peter Hammill, Holly og Beatrice Hammill syng korvokal på to spor. Instrumenteringa er dominert av gitar, klaverinstrumeng og noko strykarar.

Den lange innspelingstida kom av at Hammill samstundes arbeidde med ei ommastring av ein plateboks på fire CD-plater for Van der Graaf Generator kalla The Box.

Stemning og stil[endre | endre wikiteksten]

Stemninga på albumet er roleg og melankolsk. Ein typisk song er «Naming the Rose», eit kammermusikk-liknande arrangement for solovokal, klaverinstrument (med Hammondorgel), bratsj og korvokal. Han handlar om ein gartnar som kallar ein av dei siste verka sine - ei damaskrose - etter kona si som døydde same dagen bløminga starta.

Dei første sju spora har alle same tema som «Naming the Rose»: folk som kjem til sluttfasen i livet sitt, under forskjellige tilhøve. Den åttande songen («Astart») seier: «kvar slutt kan bli ein ny start».[1]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner ein seriøs Hammill fotografert av Dinu. Heftet var designa av Paul Ridout.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[2]

Musikkpressa la ikkje særskild merke til None of the Above. På Allmusic gav Simon Cantlon plata tre av fem stjerner for «gripande musikalske bilete» og «atmosfære» men syntest «delar av plata kan bli litt for monotont».[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Peter Hammill.

Nr.TittelLengd
1.«Touch and Go»4:05
2.«Naming the Rose»5:16
3.«How Far I Fell»5:55
4.«Somebody Bad Enough»4:03
5.«Tango for One»6:43
6.«Like Veronica»5:54
7.«In a Bottle»8:01
8.«Astart»4:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Alle spor framfort og sungne av Peter Hammill med følgjande bidrag:

  • Stuart Gordon – fiolin, bratsj (2, 5, 8)
  • Manny Elias – trommer, perkusjon (6)
  • Holly Hammill – vokal (2, 8)
  • Beatrice Hammill – vokal (2, 8)

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita, Bath)
  • Paul Ridout - design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sofa Sound Newsletter 18/April 2000». Henta 1. august 2020. 
  2. 2,0 2,1 Cantlon, Simon. «None of the Above – Review». Allmusic. Henta 1. august 2020.